Hopp til innhold

Soldatfruer danka ut Springsteen

Damekoret Military Wives vippa Bruce Springsteen ned frå førsteplassen og gjekk til topps på den britiske albumlista denne veka.

Military Wives Choir

Military Wives under ein opptreden for statsminister David Cameron.

Foto: Andrew Winning / Reuters

Bruce Springsteen

Bruce Springsteen.

Foto: BRENDAN MCDERMID / REUTERS

Military Wives-albumet «In My Dreams» og Bruce Springsteens «Wrecking Ball» kom ut i Storbritannia same veke, og i den første veka toppa Springsteen den offisielle britiske albumlista.

Denne veka har damekoret teke over førsteplassen, medan «Wrecking Ball» ramlar ned til femteplass.

Les: Historia gjentek seg

Toppa singellista i jula

Førsteplassen på albumlista er ikkje den første topplasseringa for Military Wives – i jula 2011 klarte dei med stor margin å kapre den ettertrakta plassen som «Christmas number one» med singelen «Wherever You Are» – ein plass som dei siste åra nærast har vore reservert vinnaren av den britiske X-Factor-konkurransen.

Også Military Wives har sitt utspring i ein TV-serie, nemleg BBC-serien «The Choir», der ventande kvinner ved britiske militærbasar i Chivenor og Plymouth vert samla til eit kor og lærer å synge medan mennene er i Afghanistan.

Serien sluttar med at i får sine kjære heim frå teneste, og deretter held konsert i Royal Albert Hall for mellom andre prins Charles.

Sjå videoen til Military Wives' julehit «Wherever You Are»:

«Prinsebryllaupkomponist» skreiv musikken

Gareth Malone

Gareth Malone.

Foto: flickr.com/photos/artsmonkey
Paul Mealor

Paul Mealor.

Foto: ChoralLover / Wikimedia Commons

Ei viktig drivkraft bak korsuksessen er den engelske 36-åringen Gareth Malone, som slo gjennom i kombinasjonen som dirigent og programleiar i den første sesongen av «The Choir» frå 2006.

I den første serien startar Malone kor på ein skule der elevane aldri har fått musikkopplæring før. Serien fekk BAFTA-prisen for beste feature – det same fekk oppfølgjarserien «Boys Don't Sing» i 2009.

Ein annan 36-åring som har levert viktige bidrag til det nye albumet, er den walisiske komponisten Paul Mealor.

Han har skrive musikken både til tittelsporet «In My Dreams» og julehiten «Wherever You Are» – resten av albumet består for det meste av coverversjonar av kjende hits.

Mealor fekk brått kjendisstatus på øyriket sist vår, då det vart kjent at prins William og forloveden Kate bestilte eit nytt verk av han til bryllaupet sitt.

Komponisten har også nyleg vekt oppsikt med eit nytt stykke med så djupe tonar at plateselskapet har søkt etter ein ekstremt djuptsyngande bass.

Les: Her prøver operabassen seg på verdens dypeste tone

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober