Hopp til innhold

Solar seg i operaglansen

På Frps nettsider blir kulturpolitikken til partiet profilert med eit flott bilete av operabygget - eit prosjekt Framstegspartiet har kjempa mot med nebb og klør.

Frps kulturpolitikk

På dette biletet prydar Operabygget i heile si prakt det kulturpolitiske programmet til Frp.

Foto: Frp.no

På heimesidene til Framstegspartiet ligg ei faktabrosjyre som oppsummerer partiets kulturpolitiske standpunkt, med sterk kritikk av mellom anna auka statlege løyvingar til kultur.

I fleire tiår har motstanden mot byggjinga av Den norske opera - tidenes største norske kulturbygg - vore ei viktig fanesak for partiet.

Men pussig nok, er heile framsida av dokumentet pryda av eit prangande bilete av Den norske opera.

Ordknapp kulturtalsmann

Ulf Erik Knudsen (Frp)

Framstegspartiets kulturpolitiske talsmann, Ulf Erik Knudsen, vil ikkje kommentere saka.

Foto: NRK

Kulturpolitisk talsmann i partiet, Ulf Erik Knudsen, visste ikkje om biletbruken, og blir overraska når NRK kan fortelje han om dette.

- Dette må vere tilfeldig. Eg ser på det som ein rein kuriøsitet. Utover det vil eg ikkje kommentere dette.

- Er det ikkje rart å fronte dykkar kulturpolitikk med eit prosjekt de har vore så sterke motstandarar av?

- Eg vil ikkje kommentere dette.

Framleis mot Operaen

Ansvarleg redaktør for frp.no, Geir Mo, meiner Operaen er ein passande illustrasjon.

- Vi var på jakt etter ein god illustrasjon på kultur, og då nyttar vi sjølvsagt noko folk kjenner att. Dette er ei søkt problemstilling.

Mo meiner heller ikkje det er problematisk å fronte partiets kulturpolitikk med bilete av ei tapt sak.

- Har de tatt innover dykk at Operaen har blitt meir folkeleg enn de først trudde?

- Vår kulturpolitikk handlar om kva vi meiner skattepengane skal nyttast til. Vi meiner operaprosjektet var feil før det blei bygd, og er feil no. Denne illustrasjonen har ingen påverknad på dette.

- For folk flest

Sverre Gunnar Haga

Infosjef i Den norske opera, Sverre Gunnar Haga, er godt nøgd.

Foto: Karen Riekeles Frivik / NRK

Informasjonssjef Sverre Gunnar Haga ved Den norske opera, frydar seg over gratisreklamen.

- Nydeleg. Dette er kjempeflott. Frp var i si tid ein verdig diskusjonspartner, så vi vil ikkje hovere over dette. Men stort er det - veldig mykje meir enn dersom dette kom frå eit anna parti.

Haga meiner Frp no truleg har sett at turisttrafikken vil betale ned bygget innan ti år, og nyttar anledninga til å ønskje alle Frp-arar velkomne til Operaen.

- Dette beviser berre at opera og ballett har blitt for folk flest.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.