Rettskriving er viktig. Foto: NRK.
Rettskriving, og kunnskap om at ord blir skrive ulikt på nynorsk og bokmål, er ganske viktig i søk på Internett. Det ligg også mykje informasjon på engelsk ute på nettet, så gode engelskkunnskapar er også ein døropnar.
Så tips nummer 1 er rett og slett: Finn ein god søkemotor, ver presis i det du leitar etter og skriv rett.
Gode søkemotorar
Det finst ei rekke søkemotorar på Internett. Finn ein som du likar å bruka.
Ei god side å starta på er www.startsida.no eller www.startsiden.no, viss du vil ha den på bokmål. På startsida finst fleire søkemotorar som du kan velja mellom, og ei heil rekke kategoriar du kan leita i, til dømes: sport, vitskap, barn og ung, oppslagsverk og så vidare.
er ein amerikansk søkemotor som er laga spesielt for barn og ungdom. I Noreg har me enno ikkje noko tilsvarande. Er du stødig i engelsk, så kan denne søkemotoren vera kjekk å prøva.
For den meir avanserte
Her er ein søkemotor som mange kjenner. Foto: NRK
Viss du veit kva du er ute etter, kan du også begynna å tenka på kvar det vil vera sansynleg å finna ut noko om temaet. Er du på leit etter tema knytt til verdsrommet kan www.astronomi.no, vera ein god plass å starta. Under har me samla desse linkane og i tillegg ei rekke linkar til ulike fagsider.