NRK Meny
Normal

Sogndal stiller i rosa

Som det fyrste fotballaget i Norge skal Sogndal spele med rosa drakter. Femi? Nei, seier fanklubben, - rosa er tøft!

Terje Skjeldestad og Tone Damli Aaberge
Foto: Tor Yttri

Hør:  Fyrste norske lag i rosa

Palermo og Juventus i Italia gjer det, Espanyol i Spania gjer det, og no gjer Sogndal det òg. Dei spelar fotball i rosa drakter.

Som det fyrste norske laget  i norsk toppfotball har Sogndal valgt denne fargen på eit draktsett. Frå før av har sjettedivisjonslaget Svett Fotball i Oslo rosa drakter.

På heimebana Fosshaugane stiller dei framleis i sine kvite drakter, men på bortekampane der dei hverken får bruke kvitt eller svart skal dei frå no av spele i rosa.

- Rosa er tøft!

Terje Skjeldestad (keeper) saman med Tone Damli Aaberge

Terje Skjeldestad (keeper) saman med Tone Damli Aaberge

Foto: Tor Yttri/Sogndal Fotball

Seier Vidar Vadseth i fanklubben Saftkokaradn. Han vedgår at han fyrst rynka litt på nasen då han fekk høyre om fargevalet, men så tenkte han 'kvifor ikkje'? Vadseth kan opplyse at alle supporterane kjem til å gå til innkjøp av rosa drakter, og at på bortekampar der Sogndal stiller i rosa, kjem dei til å stille i same farge. Dessutan kjem dei til å setje att ølet heime, til fordel for sjampanje og kvitvin.

 Norgesglasset NRK P1