Hopp til innhold

Sofie Fjellvang er vidare til finalen av Melodi Grand Prix 2022

Den unge artisten vann årets aller siste delfinale, og blir dermed å sjå i finalen 19. februar.

Det var ei rørt Sofie Fjellvang (21) som tok imot beskjeden frå programleiar Annika Momrak om at ho var vidare til den store MGP-finalen.

– Korleis kjennest det?

– Veldig bra, seier Fjellvang, og legg til at den første ho skal ringa etter sending er mannen sin.

Ho møtte Maria Mohn i gullduellen, og gjekk sigrande ut av denne.

Dei tre andre artistane har likevel ein aller siste sjanse til å komma vidare neste helg.

I denne saka kan du sjå alle fire artistane opptre.

Første duell

Maria Mohn – «Fly»

Kveldens første artist ut var Maria Mohn, som også stod på scena i Melodi Grand Prix for to år sidan med duetten «Fool for love» saman med Kim Wigaard. Denne laurdagen var ho tilbake med låten «Fly» som ho har skrive til dei tre barna sine.

– Dette er jo så nervepirrande og spennande. Nokre gonger kan ein jo spør seg kvifor i all verda ein gjer dette, seier ho lattermildt.

Ho fortel at låten er veldig nordiskinspirert. I tillegg er den spesielt dedikert til den eldste sonen hennar som har hatt eit tøft siste år. Han har fått ein beinmergstransplantasjon, der veslebroren er den som har donert beinmerg.

– Det blir ekstra spesielt å synga denne songen til barna mine akkurat no. Det er så mykje kjensler som ligg her, sa ho i forkant av framføringa.

Alexandra Joner – «Hasta la vista»

Utfordraren til Mohn var Alexander Joner, som det norske folk først blei kjent med gjennom «Dansefeber» på TVNorge i 2007. Ho deltok i MGP i 2015 med låten «Cinderella». No gjer ho comeback med «Hasta la vista».

Joner fortel at det er veldig stas å stå på scenen under årets Melodi Grand Prix.

– For første gong får eg lov til å gjera alt. Ein føler seg skikkeleg «superstar».

Heiagjengen hennar bobla over av stoltheit etter framføringa.

– Det er heilt fantastisk. Ho er både viking, karibisk og kubansk i blodet sitt. Så dette er heilt fantastisk, sa mor hennar, Barbara Joner, og rørte stjerna sjølv til tårer.

Andre duell

Kim Wigaard – «La Melodia»

I kveldens andre duell var det Kim Wigaard som var først ut.

Forutan å tidlegare ha deltatt i MGP saman med Maria Mohn, har Kim Wigaard også jobba internasjonalt med både musikal, revy, opera og kabaret.

I kveld entra han scena med låten «La Melodia», som er prega av opplevingar han sjølv har hatt i livet.

– Det er eit stort augeblikk første gong ein står på scena etter at låten blir slept.

I tillegg til ein storslått song, hadde han eit unikt sceneantrekk, som han karakteriserer det sjølv, nemleg ein karakteristisk gulldekorert kjole.

– Eg trur ikkje eg har gjort noko så annleis før. Det kjennest som ein hoppar frå timeteren og ikkje anar om ein landar i vatn eller på land.

På Skøyen i Oslo sat heiagjengen til Wigaard og jubla etter framføringa.

– Eg er så stolt av bror min, han har gitt alt i kveld. Han har ei så kraftfull stemme, og dette bidraget er så stort, og med ein flygande kjole i tillegg, blir dette berre som plomma i egget, sa søstera til Wigaard.

Sofie Fjellvang «Made Of Glass»

Fjellvang fortel at ho vaks opp i ein svært musikalsk familie, og at ho alltid har drøymt om å vera med i MGP. I kveld står ho på scena med låten «Made Of Glass».

Mange kjenner kanskje Fjellvang frå finalen i The Voice 2021. I tillegg samarbeider ho med tidlegare Eurovision-deltakar Kjetil Mørland om ein EP.

Ho kjente på nervane då ho fann ut at ho skulle i duell mot Wigaard.

– Eg syns ikkje det er noko gøy å skulle gå mot han, for han er veldig flink.

I Kristiansand sat ektemannen hennar, Henrik, saman med ein stor gjeng og lyste av stoltheit.

– Det er fantastisk, me er imponerte av ho nok ein gong, og utruleg stolte.

Tilbake etter koronasmitte

Før gullduellen, opptredde førehandskvalifiserte Subwoolfer med låten sin.

Dei fått folk til å klø seg i hovudet dei siste vekene fordi dei held identiteten sin skjult bak nokre gule masker. Men ein av kveldens gullduellantar, Maria Mohn, hevdar at ho veit kven som skjuler seg bak maskene.

Subwoolfer skulle eigentleg ha stått på scena førre helg, men var råka av koronasmitte og måtte utsetje til denne helga.

Låten deira kan du sjå her:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.