Hopp til innhold

Sofia Helin går kraftig ut mot dei norske historikarane

Skodespelar Sofia Helin går kraftig ut mot dei norske historikarane som i haust kritiserte «Atlantic Crossing»-serien for historieforfalsking.

Sofia Helin

KOMMENTERER: Sofia Helin meiner det norske debattklimaet ved «Atlantic Crossing» har vore aggressivt. Bildet er tatt tidlegare i forbindelse med serien.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRK

– Eg har sett eksempel på aggressivitet, hersketeknikkar, nedlatande haldningar, og ein retorikk som er lik Donald Trump sin, seier Sofia Helin.

På måndag deltok ho i eit seminar arrangert ved statsarkivet i Stavanger og Universitet i Stavanger for å diskutere framstillinga av dei historiske hendingane og kronprinsesse Märtha i serien «Atlantic Crossing».

Der kommenterte ho blant anna den norske debatten som storma i haust. Serien vart kritisert for å ikkje vere truverdig, og for å tilleggje Kronprinsesse Märtha ei større politisk rolle enn det ho hadde i verkelegheita.

Det er éin person i den norske offentlegheita som har fått gå ut og ha ein lik retorikk som Trump. Når noko har gått han imot ropar han «fake», seier ho.

I spissen for kritikken stod blant anna forfattar Tor Bomann-Larsen som skulda serien for historieforfalsking.

Bomann-Larsen vil ikkje kommentere det øvste utsegna til Helin om det norske debattklimaet, men svarer til NRK at det er riktig at han har nytta seg av omgrepet «fake history» som ein parallell til «fake news».

Kronprinsesse Märtha (Sofia Helin) er trist fordi kronprins Olav (Tobias Santelmann) reiste uten å si farvel.

KVINNEHISTORIE: For Sofia Helin var det to ting som interesserte ho ved «Atlantic Crossing»: kvinnehistorie og makt.

Foto: Julie Vrabelova / CINENORD/NRK

– Det var verbale angrep

Helin spelte hovudrolla kronprinsesse Märtha, og har derfor hatt interesse i å følgje den norske debatten nøye.

Ho har undra seg over det aggressive debattklimaet, og det var derfor ho ville delta på seminaret – nemleg for å få svar.

– Det var verbale angrep. Kvar kjem desse sterke kjenslene frå? spør ho.

Ho lurar også på kvifor debatten, etter hennar si meining, har vore så usakleg.

– Det er tradisjon for at ein brukar verkelege maktpersonar for å fortelje om det å vere menneske. Det verkar som at kritikarane i den oppheita debatten gløymde at serien er fiksjon, seier ho.

Bomann-Larsen svarer at problemet ikkje er at han har gløymd at det er fiksjon, men at serieskaparane og NRK ved ei rekke høve har framstilt serien som om den låg tett opp til fakta og var bygd på solid historisk grunn.

Tor Bomann-Larsen i hallen på Marlborough House.

KRITIKAR: Tor Bomann-Larsen har vore kritisk til serien «Atlantic Crossing».

Foto: Øyvind Arntsen / NRK

– Dersom serien hadde vorte presentert som fri dikting ville eg for min del ikkje ha reagert på den, seier han til NRK.

– Serien har rørt ved tabu

Også David Wagner, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Stavanger, er kritisk til debatten som er ført i media.

Han seier at denne serien har rørt ved to tabu. Nemleg den mannsdominerte og mannssentrerte diskursen om andre verdskrig, og den nesten heilage plassen Kong Olav har i det norske kollektive minnet.

For her er det ikkje historia til mennene som får skine, men kvinna si rolle i andre verdskrig.

– Kjeldene viser at ho ikkje berre var ei pyntedokke, men ein politisk figur. Eg er overraska over at pressen ikkje har tatt det opp. Dei har berre tatt opp detaljar som Bomann-Larsen og andre har villeia dei med, seier han.

David Wagner, Førsteamunensis ved Universitet i Stavanger

STØTTER HELIN: Førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Davis Wagner, er også kritisk til debatten som er ført i media.

Foto: Universitetet i Stavanger

Bomann-Larsen seier at han ikkje skjøner kva Wagner meiner.

Sterke kjensler

Sofia Helin stiller også spørsmål om dei sterke kjenslene til kritikarane har bakgrunn i at serien kanskje provoserer fordi den viser ei velståande kvinne som også er politisk sterk.

– Eg har undra på om vi har brote eit tabu ved å hevde at ei kvinne, ei litt svak, feminin kvinne kan ha vore drivande i kampen mot nazistane. Er det provoserande? Blir det for komplekst?

Ho lurer også på kvifor debatten ikkje har handla meir om at vi no byrjar å fortelje historia vår gjennom nye og andre augo – ved å setje kvinner i fokus i staden for menn.

– Eg tok rolla nettopp fordi historia til kronprinsesse Märtha er ei ufortald historie, og eg ville bidra til eit perspektiv som er annleis det vi har sett tidlegare. Eg håpar det kan inspirere, seier ho.

Kronprinsesse Märtha (Sofia Helin).

POLITISK PÅVERKNAD: «Atlantic Crossing» viser kronprinsesse Märtha og hennar påverknad i kampen mot nazistane under andre verdskrig.

Foto: Julie Vrabelová / CINENORD/NRK

Bomann-Larsen er ikkje einig i påstanden om at det framleis er tabu å vise ei feminin kvinne med politisk påverknad.

– Det er ei feministisk avsporing og det bør bli peika på at mens serien heroiserer Noregs kronprinsesse, så blir ein radikal kvinneleg aktør som Eleanor Roosevelt plassert i den bakstreverske rolla som forsvarar av amerikansk nøytralitet.

Han er derimot einig i at det i eit større perspektiv er riktig å peike på at den historiske betydinga til kvinner har vore underkommunisert, men at det er mange som forsøker å endre det.

Fiksjon, ikkje dokumentar

Også manusforfattar Linda May Kallestein har opplevd at historikarane bevisst har kritisert ting som forstyrrar med historiebildet dei har frå før.

– Eg har følt at historikarane drep ting for å tolke ting i deira narrativ, seier ho.

Kallestein understrekar at ho og resten av serieskaparane har prøvd å vere så påliteleg som mogleg, og i seminaret på måndag la ho fram fleire argument for at Märtha hadde politisk innverknad.

Ho peiker likevel på at serien er fiksjon og ikkje dokumentar.

– Formålet var å skaffe oss nok informasjon slik at vi kunne få ei truverdig framstilling i eit dramatisk format.

– Det vi meinte vi hadde støtte i av alt materialet er ikkje at ho var sentrum, slik vi har blitt kritisert for å framstille ho som, men at ho var i sentrum av storhendinga. Og der hadde ho også moglegheit til å påverke, avsluttar ho.

Bomann-Larsen er ikkje einig og meiner manusforfattaren burde vere førebudd på å møte motførestillingar, både frå historikarar og anna hald.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)