Normal

Snart kjem NATO-tv

Onsdag lanserer NATO sin egen, nye TV-kanal, - og bileta dei leverer frå konfliktar verda over vil truleg nå også norske TV-skjermar.

NATO
Foto: PETRAS MALUKAS / AFP

Hør: NATO-TV, - framskritt eller trussel?

I dag blir ikkje krigar berre utkjempa i krigssonene, TV-stova er òg blitt ei slagmark. Partane slåss om meiningane våre.

- Heng litt etter

Kor bakstreverkse ein enn tykkjer Taliban er, så er dei ekspertar i å bruke media til å få fram sin versjon av konfliktane dei står oppe i. Onsdag kjem NATO med ein eigen TV-kanal, og Generalinspektør i Hæren, Robert Mood, seier målet er todelt.

- Det er ei erkjenning av at ein heng litt etter når det gjelder å vere open for innsyn. Dessutan er det ei mengde andre aktørar som brukar eteren til å spreie propaganda, og til å påverke opinionen, så NATO ynskjer å vere på bana med sine eigne sendingar.

Fleire TV-team i sving

- Dette dreier seg om ein konkurranse om korleis heilt konkrete konfliktsituasjonar blir oppfatta. NATO er ute etter å presentere sin eigen konfliktforståelse. Det seier Oddgeir Tveiten, fyrsteamanuensis i medievitenskap ved Universitetet i Agder.

NATO-channel skal ha fleire TV-team i sving i Afghanistan, og desse skal kontinuerleg legge ut stoff på NATO sine nettsider. Desse bileta skal kunne brukast av frittståande journalistar og redaksjonar i ulike media.

Kan NATO drive med journalistikk?

Men når NATO blir ein leverandør av bilete frå ein konflikt dukkar det opp mange problemstillingar. Kjem NATO til å vise bilete dei ikkej er tente med? Kjem journalistar og redaksjonar til å vere kritiske til stoffet dei får servert?

- NATO kan ikkje drive med journalistikk, seier Tveiten. Stadig fleire organisasjonar og institusjonar driv informasjonsarbeid som liknar på journalistikk, men som ikkje er det. NATO har eit heilt anna mandat enn det den frie, uavhengige journalistikken har.

- NATO skal informere, ikkje drive journalistikk, seier generalmajor Robert Mood. Om NATO blir mistenkte for å drive propaganda vil det redusere truverdet i oppdraget som blir gjort.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Europaturneen startar i London

    Gruppa Highasakite, med Ingrid Helene Håvik frå Ålesund i spissen, har annonsert datoane for sin komande Europa-turné. Dei startar i London 28. februar og avsluttar i Berlin 17. april. Bandet skal også innom byar som Paris, Dublin og Stockholm.

    Highasakite pressebilde
    Foto: Stian Andersen
  • Får prestisjetung pris

    Forfattaren Ahmedur Rashid Chowdury busett i Skien får den prestisjetunge Ossietzkyprisen. Rashid Chowdury får prisen for å gje ut litteratur som fremjar liberale og sekulære verdiar i heimlandet Bangladesh. Prisen blir delt ut i Oslo i november. Ossietzkyprisen deles ut av Norsk P.E.N. for fremragende innsats for ytringsfriheten. Prisen deles ut årlig på Fengslede Forfatteres Dag, 15. november. Prisen har sitt navn etter den tyske forfatteren og nobelprisvinneren Carl von Ossietzky.

    Ahmedur Rashid Chowdury
    Foto: Arne Olav Hageberg
  • Europeisk pris til Johan Harstad

    Johan Harstad er tildelt den Europeiske litteraturprisen i Nederland for utgivelsen av romanen «Max, Mischa og Tetoffensiven», skriver Gyldendal forlag i en pressemelding. Prisen er på 10.000 Euro og kårer fjorårets beste moderne europeiske roman gitt ut i nederlandsk oversettelse. Det er første gang en norsk forfatter får prisen. Les Marta Norheims anmeldelse.

    Johan Harstad med ny bok
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix