Radiosnack frå Oslo spelar fengande og lett moderne popmusikk. Bandet består i dag av to medlemmar. Tor Hansen frå Vennesla og svenske Djucy Green. Radiosnacks er svært ferskt og har kun eksistert i eit halvt års tid.
Helst for radio
Tor Hansen har god erfaring med radio, noko som er årsaka til at bandet har fått namnet Radiosnacks. Med bandet Messna klarte Tor å bli playlista både på NRK P1 og P4, utan å ha kontrakt med plateselskap.
- Det verkar som det eg skriv er svært radiovennleg. Det er difor eg fant på dette namnet til mitt nye prosjekt. Ein god radiohit gjer gjerne plateselskapa nysgjerrige. Så får vi sjå kva som skjer i etterkant.
Aldri live
Tor og Djucy har erfaring som musikarar frå før, men har ikkje vore på scena med Radiosnacks. Målet er å få radiostasjonar til å spele låta slik at folk skal bli engasjerte.
- ”Show me love” er svært lettfatteleg pop som vi trur folk vil like, ikkje minst med eit catchy refreng som folk huskar igjen.