Hopp til innhold

Smugvandring i Bergen

Ein bøddel, ei lærd kvinne, tragisk kjærleik og død: Det er ikkje langt mellom dei spennande historiene i dei trange gatene i Bergen sentrum. Vi er på smugvandring i Norge Rundt.

Programleiar og guide ved bøddelens hus

Programleiar May Britt Haukås og guide Eirik Brudvik.

Foto: NRK / NRK

Norge Rundt, NRK1 , fredag 10. august kl. 1930.

Bøddelens hus i Bergen

Bøddelens hus i Lille Øvregate 27.

Foto: NRK / NRK

Idylliske Lille Øvregate startar like bortanfor inngangen til Fløibanen. Nr. 27 er eit lite, kvitt, skakt og skeivt hus. Her budde Johan Muhlhausen med kone, to barn, og nokre tenarar. Han var bøddel. Jobben hans var å henge eller halshogge dødsdømde.

- Men det ser ikkje ut til å ha vore ein svært travel jobb, fortel Eirik Brudvik, guide i BergenByExpert

- Han utførte to avrettingar i Bergen på 1800-talet. Lærdølen Anders Lysne i 1803, og falskmyntaren Jens Fenstad i 1825.

 

Historie

Byvandringar har blitt svært populære i Bergen. I det kompakte bysentrum nær dagens travle handlegater ligg historiene tett. Med ein guide som fortel om folk og hendingar i byen i tidlegare tider, blir ein rusletur både informativ og underhaldande.

Og det er ikkje berre kongar, prestar og andre storfolk som har sett spor etter seg. Ein liten open plass har fått namnet Cille Gads plass.

Svik

Cille Gads plass i Bergen

Cille Gads plass i Bergen

Foto: NRK / NRK

- Ho var dotter til ein embedsmann som inderleg ønska seg ein gut, fortel Brudvik. Men han fekk ikkje fleire barn. Dermed vart Cille oppfostra som ein gut, og fekk skulegang. Ho kunne både gresk, latin og hebraisk. Men så forelska ho seg i ein kjekk, hollandsk sjømann, som forførte henne.

Gateskilt Cille Gads plass.
Foto: NRK / NRK

Han viste seg å vere ein svikefull elskar. I staden for å halde lovnaden sin om ekteskap, forlet han både henne og byen. Cille sat gravid igjen med skamma. Barnet ho fødde i løyndom var dødfødt, og verre kunne det ikkje bli i Danmark-Noreg på 1600-talet. Cille vart skulda for barnemord. Ho vart sendt til rettargang i København, og der vart ho dømd til døden. 

Oppreising

- Men ein professor i København engasjerte seg i saka. Han skreiv brev til kongen og argumenterte for det uhyrlege i å avrette ei kvinne som var så kunnskapsrik i fleire språk, fortel Brudvik. Cille vart benåda og kom heim til Bergen. Men berre nokre år seinare døydde både ho og resten av familien i pest.

- Med å kalle denne plassen opp etter henne har byen gitt henne litt oppreising, seier Brudvik.

 

Livleg by

Hollendergaten i Bergen

Hollendergaten

Foto: NRK / NRK

Bergen har vore ein travel handels- og sjøfartsby i hundrevis av år, full av både norske og utanlandske tilreisande som fann levebrødet sitt her. Det viser att på mange av gatenamna, kalla opp som dei er etter nasjonaliteten til dei som budde der.

Gateskiltet i Skottegaten

Hollendergaten, Skottegaten og Hamburgersmauet er døme på det.

- Kongen ville ha kontroll og kravde at dei ulike innvandrarane skulle samlast i bestemte strøk, fortel Brudvik.

 

 

Fyll og spetakkel

Pottholet på Nordnes

Pottholet på Nordnes

Foto: NRK / NRK

På Nordnes ligg trehusa framleis tett i tett, med smale brulagte smau som smyg seg langs terrenget og mellom husa. Men den sjarmerande bydelen har ikkje alltid hatt like høg status som i dag.

- Her var det så mange skjenkestover at det vart kalla for Pottholet, fortel Brudvik. Ein pott var 0,9 liter, skjenkemålet for øl. Nokre av bebuarane i området syntes dette var så belastande at dei søkte om namneendring. Det fekk dei. To av byens heltar, sjøkapteinane Ross og Mitzel, fekk smau oppkalla etter seg.

Skrekk og åtvaring

Galgebakken på Nordnes

Galgebakken på Nordnes

Foto: NRK / NRK

Dødsstraff vart først avskaffa i Noreg i 1902. I Bergen var Nordnes åstaden for dei ulike avrettingane. På Nordnespynten vart 350 kvinner gjennom åra brent på heksebålet, og det var her mordarar vart halshogd. Rettarstaden var den mest brukte i landet.

 

Galgen stod på toppen av Galgebakken.

Gateskiltet i Galgebakken
Foto: NRK / NRK

-

Brotsmenn vart avretta til skrekk og åtvaring for folk flest, difor var det viktig at galgen var godt synleg, seier Brudvik. Han fortel at avrettingar vart sett på som underhaldning, og at mange tusen av byens befolkning møtte fram for å sjå på når ein dødsdom skulle fullbyrdast. Og stakkarane som enda livet på denne måten, eller som hadde tatt sitt eige liv, vart gravlagde på Galgebakken, i uvigsla jord. 

 

  

 

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober