Hopp til innhold

Slutt mellom Erik Asla og Tyra Banks

Den norske fotografen Erik Asla og supermodellen og programleiaren Tyra Banks har gått kvar til sitt. Men dei er fortsatt vennar og skal arbeide saman.

SPL1190552_011

Forholdet mellom Erik Asla og Tyra Banks tok slutt etter fem år.

Foto: Photographer Group / Splash News / Splash News

Forholdet mellom Tyra Banks og Erik Asla frå Drammen skal ha teke slutt i vår, etter at dei hadde vore eit par i fem år.

Asla stadfestar brotet i ein sms overfor VG:

– Vi kan stadfeste at vi gjekk våre eigne vegar i vår. Vi har det begge kjempefint, og fokuserer på rollene som foreldre, skriv han.

Det var den amerikanske kjendisnettstaden Page Six som først kunne melde at det var slutt, men dei fekk ikkje nyheita stadfesta av paret. Men ifølge nettstaden er dei framleis vennar og jobbar saman.

Erik Asla skal blant anna vere aktuell som fotograf i «America's Next Top Model», der Tyra Banks skal vere programleiar.

Babylykke og Skavlan

Asla og Banks fekk sonen York via surrogatmor i januar i fjor. I oktober i fjor gjesta dei Skavlan då han sende frå New York. Der snakka dei blant anna om korleis det er å vere foreldre, og korleis det var å arbeide saman, samtidig som dei var eit par.

– Det er annleis, men herleg. Vi kan vere ærlege overfor kvarandre og gi kvarandre tilbakemeldingar vi ikkje kunne ha gjeve til andre, sa Banks.

Dei møttest på jobb, men det tok litt tid før dei forsto at forholdet var noko meir enn berre profesjonelt.

– Eg trur det var under den tredje middagen, ikkje daten, men middagen det skjedde noko som gjorde at det blei oss, fortalde Asla.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.