Hopp til innhold

Kulturstrøm

  • Skodespelar Anne Heche i kunstig koma

    Anne Heche var åleine i bilen då ho køyrde inn i eit hus førre fredag. Heche har vore innlagt på sjukehus i kunstig koma etter skadane ho pådrog seg.

    Politiet etterforskar saka.

    Heche er ein kjent filmstjerne frå mellom anna «Donnie Brasco» og «Six days», seven night. Ho fekk ein Emmy for rolla i såpeoperaen «Another World».

    Anne Heche Crash
    Foto: Jordan Strauss / AP
  • Festival tilbake i Mandal

    I dag startet Skalldyrfestivalen i Mandal. Det er over 30 år siden sjømatfesten ble startet. Hele Bryggegata er fylt opp med matboder, salgsboder og konsertscener.

  • Irakisk skodespelar saksøker britisk magasin etter bildebruk

    I det britiske magasinet Economist blir eit bilde av den irakiske skodespelaren Enas Taleb brukt som illustrasjon i ein artikkel med tittelen «Kvifor kvinner er tjukkare enn menn i den arabiske verda».

    I artikkelen argumenterer magasinet for at sosiale restriksjonar i den arabiske delen av verda gjer at kvinner held seg unna arbeid og fysisk trening.

    Taleb har no gått til søksmål mot magasinet. Ho krev økonomisk kompensasjon og at magasinet ber om orsak. Ho meiner også at bilde er blitt manipulert, skriv BBC.

    – Bildet mitt blei brukt i ein kontekst som var støytande for kvinner, seier Taleb, ifølge nyheitsbyrået AFP.