NRK Meny
Normal

Slik reagerer sosiale medium på terroren

Mange sender sine tankar til ofra etter terroren i Belgia i dag. Twitter er i ferd med å bli fylt med støtteerklæringar til Brussel etter eksplosjonane.

Manneken Pis

Nettet fløymer over av støtteerklæringar og bilder etter terroren.

Foto: Skjermdump / Twitter

Enkelte av dei som sender støtteerklæringar på nett, trekk fram Paris-terroren 13. november, og gir uttrykk for at det franske og belgiske folket står saman i sorga i dag. Teikninga er opprinneleg frå avisa Le Monde:

Laster Twitter-innhold

Dei siste par timane har også ei teikning med teksten «Pensées pour Bruxelles» - «Tankar til Brussel» blitt spreidd fleire gongar på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Andre går til kulturen når dei skal kondolere og støtte ofra. Både teikneserien Tintin og Manneken Pis er hyppig brukte:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Det har i det siste blitt vanleg at folk vender seg til sosiale medium som Facebook og Twitter når dei skal uttrykke sorg og medkjensler etter store hendingar. Som etter terroråtaket mot satiremagasinet Charlie Hebdo i januar i fjor, då mange brukte frasen «Je Suis Charlie» - «Eg er Charlie» for å uttrykke støtte. No er også frasen «Je Suis Belge» - «Eg er belgar» i bruk på nettet:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold