Hopp til innhold

Slik har Taylor Swift direktekontakt med fleire millionar fans

– Ein kan ikkje møte menneske på ein enklare måte enn å legge ut eit bilete på Instagram eller skrive ei melding på Twitter, seier Taylor Swift til NRK. Den verdskjente artisten er kjent for å ha tett kontakt med sine fans gjennom sosiale medium.

Taylor Swift snakker om bruken av sosiale medier

Høyr Taylor Swift fortelle om korleis ho nyttar sosiale medium i sin jobb som artist.

Ei blond jente ristar laust på armar og bein, og rundt ho gjer fleire andre ungdommar det same. «Shake it off» heiter sangen dei dansar til, og det er den blonde jenta som også syng sangen. Countrypop-stjerna Taylor Swift slår seg laus i ein flau dans saman med sin eigen fans.

– Tanken er at eg mot slutten av videoen har funne min plass mellom dei utvelte fansa. Dei dansar, bryr seg ikkje korleis dei ser ut, og har det kjempemoro. Og det er også poenget med videoen: Om du held fram med å vere deg sjølv, så vil du til slutt finne andre folk som også berre er seg sjølve, seier Swift.

Ho er kjent over heile verda, og har millionar av tilhengjarar. Swift synes det er viktig å ha jamnleg kontakt med fansen, og for å klare det bruker ho sosiale medium aktivt.

Mange meiner også at Swifts bruk av sosiale medium er delar av årsaka til suksessen hennar. Ho har meir enn 46 millionar følgjarar på Twitter og over 12 millionar som ser bileta hennar på Instagram.

Laster Twitter-innhold

Høyr NRKs intervju med Taylor Swift øvst i saka, og sjå reportasje frå Laurdagsrevyen her:

Artister bruker sosiale medier for å nå fans, sak på Lørdagsrevyen 01.11.2014

Sjå sak frå Laurdagsrevyen 1. november 2014

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.