– I år er bøsseetiketten kvit med Legar utan grenser-logo og teksten «Sammen redder vi liv», fortel Vibecke Østby, leiar for TV-aksjonen.
Søndag ettermiddag kjem du til å få eit bank på døra di. Da går nemleg frivillige i heile Noreg med bøsse for å samle inn pengar til årets TV-aksjon.
I år går inntektene til Legar utan grenser og søsterorganisasjonen Drugs for Neglected Diseases initiative.
Organisasjonen har valt aksjonsmottoet «grenselause sjukdommar – gløymde pasientar».
Pengane som blir samla inn skal bidra til å førebygge epidemiar og behandle menneske som blir ramma av kjente og ukjente sjukdommar i fire land; DR Kongo, Den sentralafrikanske republikken, Bangladesh og Sierra Leone.
Ver bevisst på plombert bøsse
Men korleis skal ein vere sikre på bøssa?
Østby understrekar at bøssa skal vere plombert. Alle bøsseberarane skal au ha eit ID-nummer klistra på kleda, som skal vere det same som ID-nummeret på klistremerket til bøssa.
– Dersom det kjem ein bøsseberar utan klistremerke på kleda, eller med ei bøsse som ikkje er plombert, bør du ikkje gi pengar, seier Østby.
Slik skal bøssa sjå ut.
Foto: TV-aksjonenGi kontantar, via vipps og auksjon
Målet til TV-aksjonen er å få 100.000 bøsseberarar, og fleire meldar om at dei har full bøsseberardekning.
Likevel er det behov for enda fleire bøsseberarar.
Har du lyst til å gå kan du registrere deg på blimed.no.
Det er mange måtar å støtte TV-aksjonen på. Du kan gi på gamlemåten, det vil seie kontantar. Men du kan også betale med vipps.
Alle TV-aksjonsbøssene har ein QR-kode på bøssa, så om du ikkje har kontantar kan du skanne QR-koden med Vipps-appen. Du kan også vippse ditt bidrag til 2133.
I tillegg kan du støtte TV-aksjonen ved å by på opplevingar og objekt i auksjonen her.
Sjå TV-aksjonen søndag 23. oktober på NRK 1 frå kl. 19.50.