Hopp til innhold

350 mill. visningar på Youtube: Slik forklarer Lindsey (26) suksessen

Den dansande fiolinisten Lindsey Stirling (26) stod bak ein av dei mest sette videoane på Youtube i 2012. Les historia om korleis ho bygde opp Youtube-kanalen sin til ein businessplattform med 2,5 millionar abonnentar.

Lindsey Stirling

Lindsey Stirling har opparbeidd ein solid fanbase, mellom anna med eigne versjonar av musikk frå spel og film.

Foto: lindseystirling.com

I fjor var låten «Crystallize» den 8. mest sette Youtube-videoen på verdsbasis, per i dag har den meir enn 63 millionar visningar. Totalt har videoane hennar fått nesten 350 millionar visningar.

– Då «Crystallize»-videoen tok av, tenkte eg: «Wow, dette kjem faktisk til å gå!»

Lindsey Stirling fortel om høgdepunkta frå Youtube-suksessen på ei middels god telefonlinje over Skagerrak. Ho er på Europa-turné med 26 stopp, og frå Aarhus går vegen vidare til Bergen, Stavanger og Oslo denne veka.

Spelte fiolin til Black Eyed Peas

Lindsey Stirling vaks opp i Arizona, og byrja å spele fiolin som femåring. Ved sidan av fiolinundervisninga dyrka ho andre interesser ho skulle få bruk for seinare – som dataspel og dans.

I 2007 var ho såpass trygg på kombinasjonen av dans og felespel at ho la ut ein video på Youtube der ho spelte til Black Eyed Peas-låta «Pump it».

– Eg la ut mine første videoar på måfå, berre for gøy, men gjorde ikkje stort meir med Youtube-kanalen min dei neste par åra, seier Lindsey Stirling.

Fram til gjennombrotet i 2011 hadde Stirling likevel trekt til seg rundt to tusen abonnentar til Youtube-kanalen og om lag ein halv million visningar, mellom anna ved hjelp av deltaking i «America's Got Talent» i 2010, der ho nådde kvartfinalen.

Lindsey Stirling

Lindsey Stirling vart presentert som «hiphop-fiolinist» då ho tok del i «America's Got Talent».

Foto: lindseystirling.com

Viktig å stadig legge ut noko nytt

Sine viktigaste innsikter om Youtube fekk Stirling då ho møtte fotografen Devin Graham, som ønskte å lage ein musikkvideo for henne.

– Han viste meg at Youtube kunne brukast til langt meir enn katte- og hundevideoar, at ein kunne skape sin eigen merkevare og skaffe seg fans og ein plattform der.

Den første videoen dei samarbeidde om, var «Spontaneous Me», som vart lagt ut på Youtube i mai 2011. Frå då av la ho vekt på å legge ut nytt materiale med jamne mellomrom, noko ho i dag reknar som eit viktig suksesskriterium.

– Eg jobba hardt for å stadig kunne legge ut ny musikk og nye videoar på Youtube-kanalen, slik at mine fans kunne vite at dei alltid ville finne noko nytt der.

Spelentusiastane spreidde musikken

Lindsey Stirling skriv mykje av musikken ho spelar sjølv, men coverlåtar og arrangement av film- og spelmusikk har også vore ein avgjerande del av oppturen:

– Då eg laga ein versjon av musikken frå spelet «Legend of Zelda», vart videoen lagt ut på mange svært populære spelbloggar. Det var då Youtube-kanalen min tok av for første gong.

Seinare har ho laga videoar med eigne versjonar av musikk frå mellom anna «Ringenes herre»-filmane, dataspelet «Assassin's Creed» og tv-serien «Game of Thrones». Men det var med den sjølvlaga «Crystallize» ho nådde dei store massane:

– «Crystallize» er i særklasse min mest sette video. Den fekk i større grad draghjelp av musikkinteresserte, men også av teknologibloggar. Og den hamna på forsida av Reddit, vart tweeta av Youtube og så vidare.

Har fått same manager som Lady Gaga

Eit av stikkorda Lindsey Stirling stadig kjem tilbake til når ho skal forklare Youtube-suksessen er samarbeidsprosjekt: Ho har heile vegen samarbeidd med nye musikarar og dermed nådd ut til deira fanbase og utvida sin eigen.

– Det er morosamt at den aller første artisten eg samarbeidde med, rapparen Epic, faktisk er med oss på turneen som oppvarmingsartist. Sidan har eg hatt ulike samarbeid gåande heile tida.

I vår inngjekk Stirling ein avtale med Lady Gagas manager Troy Carter og hans selskap Atom Factory.

– Dei er svært innovative og eg lærer masse av dei. Samstundes kan eg dele med dei korleis eg driv business med sosiale medier som hovudplattform. Så det blir eit samarbeid, dette også.

Youtube er framleis navet i verksemda

For to år sidan arbeidde Lindsey Stirling som sosialarbeidar ved eit behandlingssenter for tenåringsjenter. Hausten 2011 gav musikken nok inntekter til at ho kunne slutte i jobben og vere artist på heiltid.

– Først og fremst var eg begeistra over at folk lytta til musikken min. Så byrja folk å kjøpe den, og plutseleg kunne eg betale for leilegheita mi basert på Youtube. Det var fantastisk!

I dag har Stirling ei brei vifte av inntektskjelder: Notesal på heimesida, musikksal på Itunes og konsertturnear. Det sjølvtitulerte debutalbumet har bikka 100.000 selde, men Youtube er framleis navet i verksemda hennar.

– Det kostar å turnere, og det går så mykje pengar inn og ut akkurat no at eg ikkje har full oversikt over inntekta mi for tida. Uansett kjenner eg meg ekstremt privilegert som kan leve komfortabelt medan eg gjer noko eg verkeleg elskar.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.