Slik finn du notar på nettet

Må du framleis bestille notehefter i papirformat og i verste fall vente tre veker på å få dei i posten? Kanskje, men ikkje nødvendigvis!

Noteblad frå Griegs Lyriske stykker, op. 12

Arietta frå Lyriske stykker op. 12 er eitt av mange Grieg-stykke som er tilgjengeleg for gratis nedlasting, fullt lovleg.

Foto: Skjermskot frå imslp.org

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dei mest brukarvenlege tenestene legg lista for folks forventingar, og tenester som Itunes, Spotify og Wimp har gjort det svært mykje enklare å finne musikken du er ute etter. Liknande tenester finst også for notar, men tilbodet er langt meir variabelt.

Gammalt er ofte gratis

Størst sjanse for å finne det du leitar etter er det om du ser etter eldre musikk, til dømes klassisk musikk. Hovudregelen er at dersom opphavspersonen har vore død i meir enn 70 år, har verket «falle i det fri» og kan fritt reproduserast.

Her må ein like fullt vere på vakt: Det kan vere fleire opphavsmenn involvert, til dømes tekstforfattar eller arrangør. Og forlaget har eigne rettar til sine utgåver av musikken.

Legg ansvaret på brukaren

Ei av dei største sidene for gratis nedlasting av notar er International Music Score Library Project, eller IMSLP. Nettstaden opna i 2006, og per i dag er om lag 35 000 verk gjort tilgjengelege for gratis nedlasting. Andre nettstader av same typen er Mutopia og Choral Public Domain Library.

IMSLPs server står i Canada, og noko av musikken dei legg ut er lovleg å laste ned i Canada, men ikkje alle andre stader. Dei legg difor ansvaret for å kjenne lovene i ulike land på kvar enkelt brukar. Dette er imidlertid ikkje uproblematisk, og nettstaden har ved nokre høve vore nøydd til å fjerne notar.

Skjermskot frå imslp.org

IMSLP blir også kalla Petrucci Music Library, etter den italienske musikkforleggjaren Ottaviano Petrucci (1466-1539).

Foto: Skjermskot frå imslp.org

Opererer etter dugnadsprinsippet

IMSLP har om lag 50 000 registrerte brukarar, og nokre hundre av desse bidrar med å sjekke om noteutgåver har rettar knytte til seg, og med å laste opp notane. Det blir altså lagt ned ein dugnadsinnsats for at brukaren skal vere trygg på å laste ned lovleg.

Søkjemotor for notar

Likevel bør ein som brukar vere våken og vurdere kvart enkelt tilfelle. Det gjeld i endå større grad om ein finn notane via Google-søk, eller via Scorser.com, som er ein spesialutvikla søkjemotor for notar. Scorser leitar i ei rekkje ulike notedatabasar, og presenterer resultatet samla.

Kva med ny musikk?

Så å seie all pop og rock er avgrensa av opphavsretten, så finn du notar av desse, er dei ulovleg lasta opp, med mindre opphavspersonen gjorde det sjølv.

Nettstader som Sheetmusicdirect.com, Freehandmusic.com og Musicnotes.com har imidlertid alle meir enn 100 000 verk tilgjengelege for digitalt kjøp, og her er det mykje ny musikk.

Skjermskot frå musicnotes.com

Musicnotes.com er ein av dei største nettstadane for kjøp av digitale notar, med nærare 110.000 tilgjengelege låtar.

Foto: Skjermskot frå musicnotes.com

Variabelt utval

Kor nyttige desse nettstadene er for deg, kjem veldig an på dine personlege preferansar. Aktuelle hits med artistar som Rihanna og Lady Gaga er lette å finne, og mange store artistar som Beatles, Abba, Bob Dylan og R.E.M. er godt representerte. For andre, som Bruce Springsteen og Rufus Wainwright, er utvalet nokså magert.

Berre ei utskrift

Ein låt kostar meir om du vil ha notane enn om du berre vil høyre den – Musicnotes.com har 5,25 dollar som vanlegaste pris og Sheetmusicdirect.com 2,25 dollar. For den prisen kan du ta berre ei utskrift av notane.

Dette er ei keisam begrensing for brukaren, og dersom skrivaren er tom for papir når du skriv ut, kan du risikere å betale for notar du ikkje får.

Norsk portal på veg?

Norske Musikkonline.no, som har lagt ut eit svært begrensa utval norske låtar, tek 30 kroner for tre utskrifter. Eit samarbeid om å opprette ein eigen portal for norske notar er i gang; MIC Norsk Musikkinformasjon, NOPA, Norsk Komponistforening og Norsk Musikkforleggerforening er med, og målet er eit norsk tilbod utan slik kopisperre.

Kva er dine erfaringar med nedlasting av notar? Fortel oss om dei i kommentarfeltet!

Kulturstrøm

  • Tegneseriebok på salgstoppen

    Malin Falchs (26) andre tegneseriebok i «Nordlys»-serien inntar en andreplass på bokhandlernes bestselgerliste over skjønnlitteratur. Dette har aldri før skjedd med en norsk tegneserie ment for barn, opplyser Egmont til NTB.

    Malin Falch og Trine Skei Grande
    Foto: Tore Meek / NTB Tema
  • Global Nights

    Global Oslo Music arrangerer festival på Sentralen i Oslo 30.mai til 2. juni. Becaye Aw er festival-artist. Ellers kan du oppleve Sanyu, Monica Ifejilika & Midnight Colors, DJ Brighteyes, Lamine Chissokho, Ombeline Chardes & Gatha, DJ La Missy og Amina Sewali.

    Becaye Aw
    Foto: Øyvind Eide
  • Hamilton (62) tilbake i Terminator

    Det er svært sjelden man ser kvinnelige, aldrende actionfilmhelter. Men nå gjør 62 år gamle Linda Hamilton comeback i rollefiguren som Sarah Connor, kjent fra Terminator-filmene. Filmen «Terminator: Dark Fate» har premiere i november, og en trailer fra filmen viser at hun fortsatt er hardtslående i rollen. Også eks-guvernør Arnold Schwarzenegger er tilbake, mens James Cameron har regi.