
1. Start med et A4-ark som du har bretta på midten, så det får ein markert kant

2. Brett så inn begge hjørna på den eine kortsida.

2. Brett så inn begge hjørna på den eine kortsida.

4. Brett inn hjørna endå ein gong, så arket blir endå litt spissare.

5. Brett inn spissen du no har fått.

6. Du kan variere kor langt inn du vel å brette spissen. Dess lenger inn du brettar, dess tyngre blir flyet i fronten. Prøv ut forskjellige lengder, og sjå kva som flyg best.

7. Brett flyet i to langs den første bretten du gjorde, slik at den glatte sida kjem ut. Du skal no ha ein trekant med avkutta spiss

8. Så brettar du ned kantane bakerst. Dette skal bli styring under vengen. Viktig å ikkje brette ned for mykje papir her. Dette gjer du på begge sidene.

9. Så brettar du til vengane. Her kan du brette ned ganske mykje papir.

10. Vengane må sjølvsagt brettast på begge sider.

11. Her har eg bretta ned vengane på begge sider. Legg merke til den vesle papirkanten som er komen i midten, det er han du skal halde i når du sender flyet.

12. Så brettar du ut vengane igjen. Sett frå oversida ser flyet slik ut.

13. Hugs å brette ned styrekantane ytterst på vengen, slik at dei peikar rett ned.

Då er du klar til å kasta flyet.