Hopp til innhold

Slik blir TV-hausten på NRK

Denne hausten blir det blant anna valkamp, oppsøkande underhaldning og testing av historiekunnskapane på NRK.

Da vi styrte landet

I programmet «Da vi styrte landet» skal seks norske statsministrar møtast for å snakke om dei store hendingane som har prega oss frå 80-talet og fram til i dag.

Foto: Agnete Brun/Norsk Fjernsyn

Med eit stortingsval til hausten, blir det naturleg nok politikk og valkamp på tv rett over sommaren. I tillegg til blant anna partileiardebattar og valstudio, skal politikarane også faktasjekkast i programmet «Detektor» av Fredrik Solvang, medan Atle Bjurstrøm og Live Nelvik skal gi oss «Valgfri» på fredagskveldane.

Kåre Willoch og Kjell Magne Bondevik

Kåre Willoch og Kjell Magne Bondevik på haustlanseringa til NRK.

Foto: Hanna Huglen Revheim / NRK

Men det blir politikk utover hausten også. I serien «Da vi styrte landet» møter seks norske statsministrar kvarandre til middag for å snakke om og oppleve på ny store hendingar som har prega oss frå 80-talet og fram til i dag. Kjell Magne Bondevik seier det var ei avslappa stemning rundt bordet under innspelinga:

– Vi hadde det svært hyggeleg. Her var det ingen som skulle vinne ein debatt. Vi gjekk tilbake i historia og snakka om ting som hadde prega periodane våre. Og då var vi rause overfor kvarandre, og kunne innrømme at meiningsmotstandarar også har gode poeng.

«Jævla homo»

Gisle A. Gjevestad Agledahl

Programleiar i NRK, Gisle A. Gjevestad Agledahl, var overvelda over responsen han fekk på «Jævla homo»-kampanjen i vår. Til hausten kjem tv-serien.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Tidlegare i år fekk kampanjen «Jævla homo» mykje merksemd. Det var NRK-programleiar Gisle A. Gjevestad Agledahl som stod bak kampanjen som tok mål av seg å knuse homo som skjellsord. Fleire kjendisar var med i kampanjen der dei la ut bilde av seg sjølve på sosiale medium med genserar og caps med logoen «Jævla homo». Til hausten kjem TV-serien som er eit personleg dokumentarprosjekt for Agledahl.

Programleiar Line Elvsåshagen er også kjend for å bruke seg sjølv i programma ho lagar. Ho har tidlegare blant anna reist jorda rundt og data Norge på skjermen. Denne hausten skal ho ta for seg kroppspress i programmet «Line fikser kroppen». Også denne gongen brukar ho seg sjølv.

Seriedrap

Den store norske dramasatsinga på NRK til hausten er thrilleren «Monster» med Ingvild Holthe Bygdnes og Jakob Oftebro i hovudrollene. Serien handlar om ein fiktiv småby i Nord-Norge som blir skaka av fleire drap.

«Monster» er et thrillerdrama som utspiller seg i en fiktiv småby i Nord-Norge. Åndelighet og brutalitet måler krefter i en verden der naturen er nådeløs. Kommer på NRK høsten 2017.

Og så er Linn Skåber tilbake i gullrekkja når ho saman med Ronny Brede Aase reiser landet rundt for å lage fredagsunderhaldning heime i stovene til folk i «Linn og Ronnys Tacoshow». Skåber seier dette er noko ho har hatt lyst til å gjere lenge:

– Det har lenge vore min hemmelege fantasi. Når eg er på turne, har eg ofte leikt meg med tanken om å ringe på ei tilfeldig dør, og be om å få kome inn.

Og dei som vil bryne kunnskapen sin på ukjende fakta frå verdshistoria, kan glede seg til panelshowet «Historisk». Programleiar Live Nelvik skal teste lagleiarane Siri Kristiansen og Aleksander Schau i perifer kunnskap. Kva skjedde med flagget på månen i 1969? Og kva kosta ein bøddel på 1700-talet?

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad