Hopp til innhold

Slik blir reklame­pausen i Tour de France

– Dette løyser eit problem for TV-kanalane, seier direktør Jarle Thalberg, i Nordens største mediebyrå, Group M.

Ny tv-reklame

BILDE-I-BILDE: I ei lita rute til venstre kan du sjå Tour de France samstundes med reklamen.

Foto: TV2

Mange vil meine at det er få ting som er så spanande på tv som direktesendt sport, og tilsvarande irriterande når reklamepausen bryt inn midt i sendinga.

Sportsarrangement som Tour de France, fotballkampar og femmila har blitt sendt på reklamekanalar, men det har vore eit problem å finne opningar der reklamen ikkje forstyrrar.

Endringa, som trår i kraft laurdag 1. juli, gjer norske TV-kanalar lov til å sende reklame samtidig som programma held fram å spele i eit lite vindauge. Under Tour de France, som startar laurdag, skal TV2 teste dei nye reklamepausane.

– Dette gir oss moglegheit til å gje eit betre produkt for sjåarane der dei kan følge betre med på det som skjer, seier salsdirektør i TV2 Bjørn Gunnar Rosvoll.

Då TV2 viste OL i Sochi i 2014, førte hyppige reklameavbrot til så mange klager at både Statoil, Toyota og Telenor til slutt måtte ta sine reklamar av lufta.

Bilde-i-bilde-reklamen betyr ikkje slutten på vanlege reklamepausar, men noko ein kan velje å bruke eller ikkje.

Jarle Thalberg

BEGEISTRA: Jarle Thalberg i mediebyrået Group M, trur sjåarane kjem til å like den nye løysinga.

Foto: Group M

Jarle Thalberg i mediebyrået Group M, som har mange store reklamekundar, trur sjåarane kjem til å like den nye løysinga.

– Nå kan tv-kanalane tilby reklame utan å øydelegge for sjåarane. Vi kjem ikkje unna at det kjem meir og meir reklame, så då er det fint at reklamen finn former som ikkje er så forstyrrande, seier Thalberg.

– Løyser eit problem

Thalberg i Group M meiner at dette også løyser eit problem for TV-kanalane, fordi dei er heilt utselte for reklame for tida.

– TV-kanalar taper titals millionar kroner kva einaste månad, fordi norske annonsørar, som gjerne vil på tv-skjermen med reklame, faktisk ikkje kjem på, seier Thalberg.

Bjørn Gunnar Rosvoll

TESTAR: Salsdirektør Bjørn Gunnar Rosvoll i TV2, håper nye reklamepausar gjer publikum eit betre produkt.

Bjørn Gunnar Rosvoll i TV2, som testar den nye forma for reklamepause til helga, presiserer at dette ikkje betyr at det kjem meir reklame, men at det blir reklame som ikkje forstyrrar så mykje.

– Eg trur ikkje vi kjem til å miste sjåarar, men dersom det skjer, vil vi teste på nytt og lære av det vi gjer.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober