Hør:
Firehundre storrøykjarar frå Norge, Sverige og Danmark skal teste ut den nye svenske vaksinen som skal få deg til å stumpe sigaretten.
Vaksine mot røyk
- Fire vaksinekurar i etterkant av tradisjonell avvenning er oppskrifta, seier farmakolog Torgny Svensson ved
.Åtti prosent av dei som prøver å bli røykfrie sprekk i løpet av det første året. Eit nikotinplaster eller ein nikotintyggis dempar røykesuget berre ei lita stund. Vaksinekurane skal forhåpentlegvis lære kroppen å motstå nikotin for alltid.
Mister lysten
Den nye vaksinen skal få immunforsvaret til å produsere antistoff mot nikotin, som så hindrar giftstoffet i å nå det såkalla belønningssystemet i hjernen.
Effekten av nikotinen minkar, og du mister lysten til å tenne ein sigarett.
Tre andre land forskar på tilsvarande røykevaksine, men ingen av dei er lagt ut for salg.
Norgesglasset NRK P1