Høyr:
Som vi kunne lese i VG i dag har 12 sjukeleg overvektige nordmenn fått operert inn ein slanke-chip, eller slanke-databrikke, for å gå ned i vekt. For eit år sidan starta prosjektet ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Brikka skal gjere at personen delvis mistar matlysta.
NRK-journalist Hans Martin Hauge er ein av personane som har slite med overvekt heile livet, for eit år sidan stod han i fare for å utvikle den farlege sjukdommen diabetes 2. I dag er han 20 kilo lettare og har mista matlysta.
Databrikken er kobla til to nerver i bukveggen og styrer røynslene i tarmen. Den hindrar produksjon av hormon som gjer at Hans Martin får lyst på mat.
Gode resultat
Samtidig med prosjektet i Trondheim, føregår det liknande prosjekt i Sveits, Australia og USA. Det er eit amerikansk firma som står bak ideen og, det er gjennom Sintef at St. Olavs Hospital i Trondheim har blitt med.
Else Thurmann-Nilsen, seksjonssjef for klinisk forskning ved Sintef seier at slankechipen har gitt gode resultat, men det er vanskeleg å konkludere med noko før prosjektet er ferdig.
Norgesglasset NRK P1