Hopp til innhold

Slå kjendisane i «Grevinnen og HOPPmesteren»

Konkurrer mot NRK-kjendisar i spelet basert på den legendariske sketsjen «Grevinnen og hovmesteren»

Martin Lepperød og Adelina Ibishi i forbindelse med Grevinnen og Hoppmesteren

JUBEL: Martin Lepperød og Adelina Ibishi konkurrerer i «Grevinnen og HOPPmesteren»

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Dette her er min fyrste gong. Eg har aldri spelt mobilspel før, eg har berre lagt kabal på iPaden, seier Rune Gokstad.

– Men Øystein er som skapt for dette her. Du er jo vand til å sitte på kveldstid med noko innanbords ved ein datamaskin, seier han ertande til kollega Øystein Bache.

Vi kjenner alle til hovmeisteren James og grevinna Miss Sophie som samlar seg på Miss Sophies 90-årsdag.

Kvar vesle julaftan møter vi dei imaginære venane Sir Toby, Admiral von Schneider, Mister Pomeroy og Mister Winterbottom, og vi ler oss skakke av James som blir fullare og fullare jo lenger ut i middagen vi kjem.

Grevinnen og hovmesteren

TRADISJON: «Grevinnen og hovmesteren» går kvar lille julaftan.

Foto: FOTOMONTASJE: KURT JARNES, SKJERMDUMP FRA «GREVINNEN OG HOVMESTEREN» / NORDDEUTSCHER RUNDFUNK

Jo fullare jo vanskelegare

Dette er ein av våre kjæraste juletradisjonar i Noreg, og har blitt sendt på NRK kvart einaste år sidan 1980.

I år er inkje unntak. Og nå får du også sjansen til å prøve deg som hovmeisteren James i spelet «Grevinnen og HOPPmesteren»!

Her skal du få hovmeisteren James til å hoppe over så mange skinnfellar som mogleg – men jo meir drikke hovmeisteren får i seg jo vanskelegare blir det.

Vi har latt ni NRK-profilar prøve seg. Klarer du å slå dei? Prøv her.

– Vi kjem til å liggje langt nede

Eg trur vi kjem til å liggje ganske langt nede. Eg trur det finst folk som har større konkurranseinstinkt enn oss, seier Adelina Ibishi, programleiar i P3morgen.

Ho klarte 29 skinnfeller med 9 alkoholeiningar innanbords, såvidt slått av radiomakker Martin Lepperød.

– Det er det som er gleda med eit mobilspel, nemleg at det kan gi så store kjensler. Eg har akkurat hamna i kjellaren fordi eg trudde eg vart slått.

Men så tapar Adelina på 29, brølar han.

Martin Lepperød og Adelina Ibishi. 2021.

I TOPPEN: Martin Lepperød slår Adelina Ibishi med eitt hopp.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Blir veldig sint

Karsten Blomvik frå 4. ETG kjenner også på dei store kjenslene.

– Eg var god til å game før, men eg har ikkje spelt så mykje mobilspel, for eg blir så veldig sint når eg ikkje gjer det bra, seier han.

Han klarer 28 skinnfellar, og må godta nederlaget for kollega Annika Momrak – ho klarer 33 skinnfellar.

Karsten Blomvik i forbindelse med Grevinnen og Hoppmesteren

TOPP 1: Karsten Blomvik meiner «Grevinnen og HOPPmesteren» er topp 1 på mobilspel, då det er det einaste han vil spele.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Mikkel Niva er derimot den som leiar med 43 hopp.

Blomvik er sugen på revansj.

Eg skal ikkje gjere noko anna i jula. Eg skal ikkje feire med familien min, eg skal ikkje sjå noko anna enn «Grevinnen og hovmesteren» og spele det spelet her, seier 27-åringen.

– Får høg puls

Nedst på tabellen ligg altså «Julenøtter»-medprogramprogramleiaren Rune Gokstad.

– Eg må ærleg innrømme kvifor eg ikkje driv med dette. Eg får jo høg puls, og det skal ein vere forsiktig med i min alder, humrar 63-åringen Rune.

Rune Gokstad 2021

FORNØGD: Rune Gokstad, medprogramleiar for «Julenøtter» og «Team Bachstad» er fornøgd med resultatet.

Rune Gokstad og Øystein Bache 2021

DUO: Rune Gokstad og Øystein Bache, kjent frå blant anna «Julenøtter» og «Team Bachstad», er glade i å tulle og tøyse med kvarandre.

Han og Øystein Bache er likevel begge fornøgde med sine personlege rekordar på høvesvis 19 og 25 skinnfellar.

– Skal vi gi oss på topp eller? spør Øystein.

– Skal vi gå og ta oss ein skarp ein? foreslår Rune.

– Det synest eg vi skal gjere.

PS 1: Sjå «Grevinnen og hovmesteren» i «Kvelden før Kvelden» på NRK 1 og på NRK TV kl. 21.

PS 2: Lurer du på kven du er i «Grevinnen og hovmesteren»?

Kulturstrøm

  • Pris til norsk film i Venezia

    Dag Johan Haugeruds film «Kjærlighet», som er nominert til Gulløven i Venezia, ble tildelt filmkritikerprisen Bisato d'Oro i Venezia fredag kveld. Det fant sted foran Palazzo Del Cinema, får NRK bekreftet av NFI.

    Bisato d'Oro er en uavhengig filmpris som deles ut under filmfestivalen i Venezia av en gruppe filmkritikere. Det er en parallell pris til festivalens offisielle priser.

    Det er første gang en norsk film kjemper om hedersprisen siden 1986. Filmen «Kjærlighet» er nummer to i Haugeruds trilogi som handler om sex, drømmer og kjærlighet.

    På rollelisten står blant annet Lars Jacob Holm og Tayo Citadella Jacobsen, som ble fotografert på rød løper fredag. Andrea Bræin Hovig, Marthe Engebrigsten og Thomas Gullestad medvirker også i filmen og tilbringer helgen på filmfestivalen.

    Vinneren av Gulløven avgjøres lørdag.

    Den norske filmen Kjærlighet fikk kritiker-pris i Venezia. Her er gjengen på rød løper fredag 6. september 2024.
    Foto: NFI
  • Fortreffelig kombinasjon av arbeidsplasskomedie og agentspenning

    – I den fjerde sesongen fortsetter denne deilige blandingen av høyspent etterretning og sorthumoristiske gullkorn å skinne på skjermen. Denne gangen starter det med en eksplosjon i London, og vi settes raskt på sporet av gamle hemmeligheter og en mulig MI5-skandale, skriver seriekritiker Sigurd Vik om «Slow Horses» på Apple TV+.

  • Post-punk bandet English Teacher vant prestisjetung pris

    Det engelske post-punk bandet «English Teacher» vant Storbritannias prestisjetunge Mercury pris for sitt debutalbum «This could be texas» under en seremoni i Londons Abbey Road-studier torsdag, melder nyhetsbyrået AFP.