Skyhøge prisar på mobildata: – Nordmenn bør krevje billegare abonnement

Norske forbrukarar betalar 57 prosent meir for mobildata enn våre svenske naboar. Samstundes nyttar vi om lag 50 prosent mindre data i løpet av ein månad.

Amir Hashani på gata i Oslo

TALKMORE: Amir Hashani betalar 299 kroner for 5 GB i månaden, og kunne godt tenke seg meir for pengane.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Det er mykje dyrare. Vi burde reise til Sverige og busette oss der alle saman, seier Amir Hashani.

Han synest at prisforskjellane på mobildata i Noreg og Sverige er hårreisande.

Nordmenn betalar i snitt 262 norske kroner for eit mobilabonnement i månaden, og får 3,8 gigabyte (GB) med data. Til samanlikning betalar ein gjennomsnittleg svenske 167 kroner for 5,7 GB i månaden.

Tala er henta frå Nkom og PTS (post-och telestyrelsen).

Lite for pengane

Tina Svingerud hadde ikkje takka nei til billegare mobildata.

– Dei siste månadane har eg brukt opp det eg hadde av data før utgangen av månaden.

Tina Svingerud på gata i Oslo

TALKMORE: Tina Svingerud betalar 299 for 5 GB med mobildata i månaden, men datapakken strekker ikkje til.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Svingerud er ikkje åleine om å få lite data for pengane sine.

– Norske forbrukarar betalar betrakteleg meir for mobilabonnementa, samstundes som vi brukar mobilen vår mindre. Ein del er redde for å bruke data på grunn av dei høge prisane.

Det seier Finn Myrstad, som er Fagdirektør i Forbrukarrådet. Dei har analysert tala frå dei svenske og norske mobiloperatørane.

Portrett av Finn Myrstad i Forbrukerrådet

FOR DYRT: Finn Myrstad, som er Fagdirektør i Forbrukarrådet, meiner at vi betalar for mykje for mobildata.

Foto: John Trygve Tollefsen

I Sverige er det tre nasjonalnett, medan vi berre har to i Noreg. Telia og Telenor har eit duopol, der dei kontrollerer heile 90 prosent av marknaden. Det meiner Finn Myrstad er grunnen til dei høge prisane.

– I Sverige har dei rett og slett betre konkurranse. Konkurransen er ikkje like hard mellom dei to store norske mobiloperatørane, og då går det ut over forbrukaren, som må betale meir for tenestene.

Mobilanalytikar for Tefficient, Fredrik Jungermann påpeiker at Noreg har dei høgste prisane på mobildata i heile Norden og at forskjellane er oppsiktsvekkande.

Portrett av Fredrik Jungermann

KOSTBART: Mobilanalytikar for Tefficient, Fredrik Jungermann meiner at prisforskjellane er oppsiktsvekkande.

– Ingen annan stad i verda fall prisane på mobildata so langsamt som i Noreg i 2019.

Nett i verdsklasse

Dei norske mobiloperatørane forsvarer dei høge prisane med at vi har eit svært godt nett, og at det er kostbart å bygge det på grunn av fjell.

Jan Martin Hansen er svært nøgd med sitt Telenor Fleksi abonnement, og meiner at han får det han betalar for.

– Eg har arbeida på havet og går mykje i fjell og mark, og når det kjem til dekning er det ingenting som kan måle seg med Telenor.

Jan Martin Hansen på gata i Oslo

TELENOR: Jan Martin Hansen har abonnementet Telenor Fleksi, og då betalar han for det han brukar av data i løpet av ein månad.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Jungermann bekreftar at nettet i Noreg er bra.

– Noreg har ein av dei beste netta i verda. Men nettet til dei andre nordiske landa ligg ikkje langt bak.

Telia og Telenor er dei mest lønsame mobiloperatørane i heile Norden, påpeiker Jungermann.

Overdrivne prisar

Myrstad i Forbrukarrådet har forståing for at fjell kan gjere utbygginga av nettverket kostbart, men meiner at prisane er overdrivne.

– Det kan ikkje vere so kostbart at det skal vere 50 prosent dyrare for dei norske forbrukarane.

Telia skriv til NRK at det norske mobilnettet nyleg vart kåra til å vere best i verda på mobilkvalitet og at dei har investert mykje i den digitale infrastrukturen i Noreg.

– Kvalitet kostar, og det er dyrare å bygge samfunnskritisk mobilnett i Noreg, enn i dei andre nordiske landa. Mellom anna fordi ein høg andel av befolkninga er busett utanfor tettstadar i Noreg.

Dei skriv også at svenske myndigheiter har subsidiert utbygginga av ekomnett i Sverige med meir enn 13 milliardar kroner- nesten fem gangar so mykje som i Noreg.

Telenor skriv til NRK at konkurransen i Noreg går føre seg i større grad enn i dei andre landa på kvalitet, dekning og hastigheit, og at deira undersøkingar viser også at dette er det viktigaste for kundane.

– Rundt 70 prosent av våre kundar vel operatør basert på dekning, fart, kvalitet og tenester – berre 26 prosent er mest opptekne av pris, seier Fredrik Tangeraas, kommunikasjonssjef i Telenor.

Forbrukarmakt

Myrstad meiner at myndigheitene spelar ei viktig rolle når det kjem til mobilprisar:

– Dei må kome med nye tiltak, som kan stimulere til meir konkurranse.

Men at også forbrukaren har ein finger med i spelet. På nettet finnast det mange tenester der ein kan samanlikne prisar.

– Sjå på forbruket ditt og sjå om du kan finne eit betre tilbod enn det du har. Her er det pengar å spare.

Jungermann meiner at nordmenn i høgare grad burde vere villige til å nytte lavprisselskapa, om vi ønskjer meir data for pengane vore.

– Nordmenn bør krevje billegare abonnement med meir data.

Vil ha konkurranse

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) er også einig i at mobilbruk i Noreg er for dyrt, og at det må bli billigare for norske brukarar.

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland

STAKE UT KURSEN: – Regjeringa kjem til å kome til å stake ut kursen vidare for korleis vi framleis skal ha verdas beste nett, seier Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H)

Foto: Lotte Olsen Jessa / NRK

Også ho meiner løysinga er å styrke konkurransen som og at tre mobilnett er heilt avgjerande både for å betre nettet og for å få prisar ned

– Vi legg til rette for tre mobilnett i Norge. ICE som eig det tredje nettet – er ein viktig aktør som kan utfordre dei store aktørane.

Ho legg til at økt konkurranse vil kome heile landet til gode.

– Det handlar ikkje berre om pris og kvalitet, men også om sikkerheit.

Kva kjem de til å gjere framover for å oppnå dette?

– Vi kan ikkje røpe detaljar akkurat no. Men det vil snart kome ei stortingsmelding om telekommunikasjon. Regjeringa kjem til å kome til å stake ut kursen vidare for korleis vi framleis skal ha verdas beste nett. Og for å sikre at det blir billigare.

Kulturstrøm

  • Fant svært langhus ved Halden

    Ved Gjellestad i Halden har man funnet et langhus på nær 60 meter med georadar. Langhuset er blant de største i Norden.

    I tillegg har forskerne fra Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) funnet en rekke andre bygninger og graver. De mener funnene tyder på at stedet har vært et maktsentrum i jernalder og vikingtid, skriver de i en pressemelding.

    Funnene er gjort i nærheten av der man fant Gjellestadskipet i 2018 (NTB).

  • Rockefeller-eier tapte millioner

    Konsertarrangører og utesteder er blant dem som merker at pandemien langt fra er over. Statlig støtte må på bordet, krever en av de store aktørene.

    Hans A. Lier er styreleder i Auditorium AS, som driver Rockefeller, John Dee og Sentrum Scene i Oslo. Han forteller NTB om et omsetningstap på 4,5 millioner kroner i løpet av helga, til tross for at arrangøren fikk gjennomført et par nedskalerte show.

    – Kulturbransjen har vært nede for telling mer enn noen annen bransje. Vi har vært stengt i rundt ti måneder siden pandemien startet. Og vi har fått lov innimellom til å ha arrangementer med 20, 50, 100 og 200 tilskuere, med støttemidler i bunnen. Det har vi ingenting av nå, absolutt ingenting. Og det gjør krisen mye verre, sier han.

    (NTB)