
Øystein er ein av mange som er plaga med klaustrofobi, og for Norge Rundt-programleiaren er det særleg problematisk å køyre heis.
- Eg har hatt heis-skrekk heilt sidan tenåra, og har mykje heller gått trappene enn å risikrere å bli innesperra i ein trong heis, fortel Øystein.
Let seg overtale
- I 1986 budde eg på eit pensjonat i 13. etasje i ei høgblokk i Hong Kong og der var det rett og slett ikkje trapper. Ein dag vart heisen ståande og hakke mellom to etasjar i nokre sekund. Det var ei frykteleg oppleving og eg lovte meg sjøl at eg aldri meir skulle ta heis. Det løftet har eg klart å halde – heilt til nå.

Psykolog Solfrid Raknes.
Denne veka har Norge Rundt-teamet vore på eit kjøpesenter i Bergen og gjort opptak til sendinga på fredag. I lag med psykolog Solfrid Raknes vågar Øystein faktisk å gå inn i heisen.
- Det var ikkje min ide å lage ei sending om heis-skrekk. Men eg let meg overtale til å bli med, fortel programleiaren.
Kan kurerast
- Då vi gjekk inn i heisen første gongen var det som å krype ned i ein sekk og knyte att. Heldigvis var Solfrid der og tilbydde seg å halde meg i handa.
Klaustrofobi er ei av dei angst-lidingane som er ganske enkle å kurere. Nokre timar med samtale og praktiske øvingar er ofte det einaste som skal til. Solfrid Raknes er ein av dei psykologane som har spesialisert seg på å hjelpe folk med slike problem.
Korleis det gjekk med Øystein og heis-skrekken hans, får du sjå i Norge Rundt, NRK1, 28. november, kl. 19.30.