På ein svart søppelsekk på ei rød tralle i fryserommet ligg ulvetispa, påkjørt av toget. Ho har store hovudskadar, og kjeven ligg laust ved sidan av kroppen på tralla. Den eine labben heng såvidt på i nokre seneslintrar. Ulven luktar noko i retning av papiret som ligg under ferdigpakka biff i butikken, barre langt meir intenst.
Toget og ulven traff kvarandre front mot front. (Foto: Johan Schulze, Vetrinærinstituttet)
Den påkjørte ulven er ikkje ein politisak, slik som den skotne ulven, men Direktoratet for Naturforvaltning har bedt Vetriærinstituttet obdusere ulven og sjå om ulven til dømes hadde sjukdomar. Samstundes utelukker ein at ulven kan ha blitt skoten eller forgifta -og så dumpa på jernbanelinja. Obduksjonen foregår ganske likt enten han er på oppdrag frå politiet eller frå direktoratet, men dokumentasjonen i politisakene er noko meir omfattande.
Først tar vetrinær Johan Schulze røntgenbilete av ulven. Eit sår som kunne minne om eit skotsår viser seg å ikkje vere det.
Alle blødningar, brot og funn tyder på at ulven døydde momentant av toget. (Foto: Johan Schulze, Vetrinærinstituttet)
Eit par gummistøvlar, plastforkle og eingangshanskar seinere står vi mellom stålblanke benker, skalpellar, knivar og pinsettar. Ulven blir vegd, fotografert og undersøkt utvendig. Ikkje noko mystisk kjem fram. Schulze noterer.
Så blir ulven flådd. Skinnet er så skada at det ikkje skal preparerast. Typen blødningar peikar mot at ulven døydde av samanstøyten med toget. På grunn av forråtningsprosessen har noko kjøtt og feittvev blitt grønt. Det er det same stoffet som verkar her som kan gjere kokte egg grønt, forresten.
Frå laboratoriet til Norsk Institutt for Naturforsking, NINA, kjem Frode Holmstrøm og samlar muskelprøver, kjønnsorgana og andre prøver av dyret. Dei brukast mellom anna til genetiske testar og til å påvise miljøgifter.
Alle blødningar, brot og funn tyder på at ulven døydde momentant av toget. Ingenting gir grunn til å undersøke meir om forgiftning. Schulze avsluttar obduksjonen, og ulvetispa frå Østerdalen blir etterkvart til organprøver.