NRK Meny
Normal

Tre søsken med bursdag på skotårsdagen!

Leif 40 år, broren Olav 44 år og søstera Heidi 48 år .....alle fødde på skotårsdagen. Og alle tre feirar dagen saman med mora i Norge Rundt.

Tre skotårssøsken m mor og programleiar
Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Fredag 29.februar er skotårsdagen, og i år er det 28 år sidan sist skotårsdagen var på ein fredag - og det er 28 år til neste gong.Difor blir det bursdagsfeiring i Norge Rundt denne fredagen.

Grunnen til at me kvart fjerde år får ein dag ekstra, er at jorda treng litt meir enn 365 dagar på å gå rundt sola.....5 timar,48 minutt og 46 sekund meir. For at kalenderen då skal koma i takt med jorda og sola legg me til ein dag kvart fjerde år.

 

Tre skotårsborn med mora
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Guiness-rekord

Det er 3.198 nordmenn som har bursdag den 29.februar. Tre av desse er søsken! Karin Henriksen på Andøya i Nordland fødde Heidi på skotårsdagen i 1960, ho fekk Olav på skotårsdagen i 1964 og jammen fekk ho yngstemann Leif på skotårsdagen fire år etter, i 1968.

Mor Karin vil ikkje ut med heile oppskrifta på trippelsuksessen, for ho vil ikkje at andre skal ta frå dei plassen i Guiness' rekordbok. Men ho avslører såpass at ein treng ikkje vera avhaldande i fire år for å få det til.

Heidi,Olav og Leif syns bare det har vore fint å ha bursdag same dag - og bare kvart fjerde år. Dei vedgår at det har blitt tre kaker også dei mellomliggjande åra - og då helst på den 28.februar. Nå bur dei spreidd;Olav på Sola, Leif i Ski og Heidi nær mora på Andøya. Difor syns dei det var veldig kjekt at Norge Rundt samla dei til feiring på skotårsdagen.

8 år - to bursdagar

Maren 8 år, men bare to bursdagar
Foto: Geir Rommetveit / NRK

Med på feiringa var også Maren Mildestvedt, som kunne feira sin andre bursdag. 8-åringen hugsa knapt sin første eigentlege bursdag for fire år sidan og sette stor pris på å feira  ilag med fleire skotårsborn. Mora, Anine Mildestvedt, seier at Maren vanlegvis blir feira den 28.februar, for då har Maren namnedag !

Opplev trippelskotårssøskena i

Norge Rundt på NRK 1 fredag kl. 1930