Spill nøtteknekker-spillet her!
Heilt frå byrjinga var det bruk for
Kristiansandlaget: (fra venstre) Kjell Mellingen, Anne Hilde Hals og Dagfinn Haarr. Foto: Gunnar Kleiberg, NRK Sørlandet.
resonneringsevne, for oppgåvene var ikkje plankekøyring for laga. Skien med John Olav Johnsen, Kari Bugge og og Ole Jensen, tok klår leiing etter første lytteoppgåve, ein lett og munter Sjostakovitsj, og låg fire poeng foran på det meste.
Kanskje det var ullsokkane til Dagfinn Haarr som gjorde utslaget, i alle fall greide han, Anne Hilde Hals og Kjell Mellingen på Kristiansandslaget å hale innpå slik at skilnaden jamna seg ut undervegs i oppgåvene: Verdis arie frå Skjebnens makt og Beethovens 1. cellosonate frå 1796.
Musikalsk helsepersonale
Begge laga stilte med sterkt helsepersonale. Kristiansand med smittevernlege Haarr, medan Skien hadde med Kari Bugge: Fysioterapeut med korerfaring; Johan Olav Jonsen - lege med fiolinfingrar.
Elles hadde dei fleste deltakarane referanse til undervisning – også musikkundervisning.
Etter at Kristiansand sikra seg dei to poenga frå spørsmål 5 ”Stopp musikken”, var stillinga 18-19. Det var berre Kristiansands årstalsbom på Halvorsens ”Suite Ancienne” som avverga lik poengsum og ekstraspørsmål.
I fjerde runde av Nøtteknekkeren tevlar Trondheim og Bodø.