Kulturstrøm

  • Larry Kramer er død

    Den amerikanske dramatikaren, forfattaren og aktivisten Larry Kramer er død, opplyser ektemannen hans til New York Times. 84 år gamle Kramer døde onsdag av lungebetennelse. Han har mellom anna skrive teaterstykket «The Normal Heart».

    FILE PHOTO: AIDS activist and author Larry Kramer poses for a portrait in his apartment in New York
    Foto: Lucas Jackson / Reuters
  • Ein million for å syne Sabeltann

    Dyreparken i Kristiansand brukar ein million kroner på smitteverntiltak for å kunne tilby Kaptein Sabeltann-førestillingar for om lag 40.000 personar i løpet av juli. Dei vil tilby to førestillingar i dyreparken kvar kveld.