Kulturstrøm

  • Bokåret 2019 er opna

    Kulturminister Trine Skei Grande opna «Bokåret 2019» under Nasjonal høgtlesingsdag i Oslo i dag. Året markerer at boka er 500 år, i tillegg til at Noreg er hovudland på den store bokmessa i Frankfurt i oktober. NRK arrangerer mellom anna Noregs største lesesirkel som ein del av den store markeringa.

  • Viste fram seniormote i Paris

    Den japanske motedesignaren Junya Watanabe viste fram klede for eldre menn under Paris Fashion Week i går. Kolleksjonen bestod av ei rekke tweedjakker, stripete kardiganar, rutete tartanar og andre plagg som blir knytt til klassisk herremote. No blir Watanabe hylla av fleire motemagasin. Til dømes Paper og Vogue.

    Seniormote
    Foto: Anne-christine Poujoulat / AFP
  • Stordalen kjøper enda eit forlag

    Petter Stordalens forlagsfamilie Strawberry Publishing kjøper seg inn i Bastion forlag, melder Bok365. Bastion er forlaget til Jojo Moyes, forfattaren av «Et helt halvt år», som er den mest selde boka i Noreg dei siste ti åra.

    Jojo Moyes
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix