Hopp til innhold

Vil lære sjåarane mobilmagi

NRK kjem med ein ny serie der mobilfotografar skal utfolde seg og få tips av Noreg sine beste fotografar: – Sjåarane vil lære korleis ein lagar magi med kameraet ein går rundt med i lomma, seier prosjektleiar Ingerid Nordstrand.

Mobilfoto Depeche Mode-konsert i Telenor Arena

MOBILMAGI: Sjåarane vil sjå seks unge konkurrere om ta dei beste mobilbildene. Samtidig til underhaldninga frå konkurransen vil sjåarane også få tips frå Noreg sine beste fotografar, fortel prosjektleiar Ingerid Nordstrand.

Foto: Rashid Akrim / NRK P3

Programmet Mobilfotografene startar i haust. Seks utvalde deltakarar som tek mykje bilde med mobil vil få tips frå Norge sine beste fotografar. Deltakarane og sjåarane skal lære korleis ein kan gå frå å ta bra, til fantastiske bilde.

Vil inspirere

Vinnaren av fotokonkurransen vil få ei fotoreise. Dei som ser på vil også kunne plukke opp mykje på vegen, seier prosjektleiar Ingerid Nordstrand:

– Visjonen er at sjåarane skal få tips og inspirasjon til korleis ein med mobilkamera skal kunne fange magiske augneblikk. Det er berre små grep som skal til og Noreg sine fremste fotografar vil vise ein dette, fortel Nordstrand.

Misgina Ghebremeskel

PROGRAMLEIAR: Misgina Ghebremeskel får sin første jobb i TV. Til vanleg driv han Angst Bar i Oslo.

Foto: NRK/Michael Ray Vera Cruz Angeles

Nytt fjes

Programleiar for serien blir Misgina Ghebremeskel som til vanleg driv ein bar i Oslo. Dette er første gongen han jobbar i TV:

– Dette er noko eg aldri har gjort før. Eg syns det er fett at NRK gjekk for ein som aldri har vore på skjermen før. Eg er utruleg spent og gleder meg til utfordringa, seier Ghebremeskel.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober