Hopp til innhold

Skal føle seg fram til Gullbjørnen

Berlinale-juryen lover å møte filmane utan fordommar, og seier at ein god film er noko ein må føle seg fram til.

Berlinale jury 2010
Foto: Fabrizio Bensch / Scanpix/Reuters

Den internasjonale filmfestivalen i Berlin vert i dag opna for 60. gong. I føremiddag heldt juryen som avgjer kven som vinn Gullbjørnen og dei åtte Sølvbjørnane, ein pressekonferanse.

Regissør Werner Herzog er leiar for juryen som i tillegg er sett saman av den italienske regissøren Francesca Comencini, den somaliske forfattaren Nuruddin Farah, den tyske skodespelaren Cornelia Froboess, den spanske produsenten José Maria Morales, den kinesiske skodespelaren Yu Nan og den Oscar-vinnande amerikanske skodespelaren Renée Zellweger.

Kva er ein god film?

Fleire spørsmål vart stilt om kva jurymedlemmane synest kjenneteiknar ein god film. Blant alle medlemmane var det stor semje om at det er umogeleg å setje faste kriteria for kva som utgjer ein god film.

Renee Zellweger

Skodespelar Renee Zellweger sit i juryen.

Foto: Christian Charisius / Scanpix/Reuters

- Kva som er ein god film for meg er vanskeleg å seie. Ein føler om filmen er god, om han er sann. Ein god film berører og inspirerer, svarte den amerikanske skodespelaren Renée Zellweger.

Zellweger la også vekt på at ho sette pris på litt smalare filmar, fordi filmar som er litt annleis ofte er dei som gjev aller størst inntrykk.

Dei sju jurymedlemmane kjem frå ulike bakgrunnar, noko som gjer juryformann Herzog sikker på at dei vil klare å kome fram til verdige vinnarar.

- Det er eit stort ansvar og ei stor ære å vere jurymedlem. Det viktigaste vert å vere konsentrert, og møte filmane utan fordommar, uttalte Francesca Comencini på pressekonferansen.

- Å sitje i juryen er eit stort ansvar. Det tek lang tid å lage ein film, og det må ein ha i tankane før ein gjev ein dom, sa Jose Maria Morales.

Plattform for filmskaparar

Werner Herzog

Regissør Werner Herzog er leiar for juryen.

Foto: Axel Schmidt / Scanpix/AFP

Juryformann Werner Herzog meiner at filmfestivalen er ein viktig plattform for unge filmskaparar, og at det har vore ein viktig festival for han. Herzog trekte spesielt fram at unge perunske Claudia Llosa fekk Gullbjørnen for Faustas perler i 2009, og at dette var ein viktig pris for heile Peru.

Jose Maria Morales var produsent for nettopp Faustas perler, i år er han tilbake på Berlinalen som jurymedlem.

- For meg er dette ein draum som byrja i fjor. Det er ei gåve å få kome hit. Det var supert å vinne ein Gullbjørn i fjor, og no er vi nominerte til Oscar, sa Jose Maria Morales.


Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober