Hopp til innhold

Analysesjef: – Det er nok ein del trøytte nordmenn i dag

– Kvar femte nordmann såg onsdagens sjakkfinale frå start til slutt på NRK.

Magnus Carlsen

SJÅARMAGNET: Hundretusener av nordmenn følgde det siste sjakkpartiet heilt til det var avgjort.

Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

– 764 000 menneske følgde heile sendinga frå start til slutt. Det er opp mot ein femtedel av befolkninga i Norge over 12 år. Det er eit kjempetal, seier analysesjef i NRK, Kristian Tolonen.

Magnus Carlsen og Sergej Karjakin spelte det første partiet i sjakk-VM 11. november. Til saman har dei spelt 12 parti i tillegg til gårsdagens «tie-break», der Carlsen til slutt vann med ei drøymeavslutning.

– I snitt har nesten 300 000 sitte og sett kvart einaste sjakktrekk som har vore i løpet av meisterskapen, seier analysesjefen.

Mange nordmenn sat vakne på natta

Alle VM-sendingane, unntatt finalen, blei sendt på NRK2 som har vore minst tre gonger så stor som kanalen pleier å vere.

– Tala er isolert sett veldig bra. Men når sjåartala varer ved over så lang tid begynner det å likne vintersportstal i løpet av laurdagar og søndagar. Det er berre det at her snakkar vi om sein kveld og til og med natt.

– Vi har sett tal der 150 000 menneske såg sjakk til klokka halv tre på natta. Det har nok vore ein del trøytte nordmenn dei siste vekene medan sjakken har gått føre seg.

Sjakk trekk unge sjåarar

I tillegg til at NRK kan skilte med høge sjåartal har også alderssamansetninga vore ung, noko som er annleis enn det pleier å vere på NRK1 og NRK2.

– Dei to kanalane har jo mange sjåarar, men det pleier å vere flest av dei eldste. I dette tilfellet har også yngre vore meir til stades. Tv-sjåing for sjakken er faktisk aller høgast blant 20–29 åringar. Høgare enn i noko anna aldersgruppe. Dette er ikkje kvardagskost når det kjem til tradisjonell tv-sjåing i 2016.

– Kva trur du er årsaka til dei høge sjåartala?

– I går hang veldig mange av sjåarane med heilt til det var avgjort. Eg trur vi kan påstå at sjakk er ganske spanande, seier Tolonen.

Kulturstrøm

  • Frankrike: bøter og fengsel for skjult reklame hos influensere

    Frankrike har vedtatt en ny lov som innebærer at influensere risikerer både kraftige bøter og fengselsstraff hvis de driver med skjult reklame og svindel.

    Loven innebærer at det blir forbudt å promotere blant annet kosmetisk kirurgi, tobakk og enkelte finansprodukter.

    Influensere risikerer opptil to års fengsel og bøter på over 3 millioner kroner hvis de driver med slik ulovlig markedsføring.

    – Festen er over for dem som tror de kan drive med svindel på internett, sa økonomiminister Bruno Le Maire nylig.