NRK Meny
Normal

Sjå ørnereir direkte

I sommar kan du følge med eit reir med ein havørnunge i. Han bur utanfor Bergen, kor mora og faren passar godt på han.

Livet i ørnereiret
Foto: NRK

Sjå nettkamera frå ørnereiret: Livet i ørnereiret

Viss du ser på ei stund merkar du kanskje at dei har vaktskifte, dei kjem annan kvar gong for å mate den store ørneungen. Dei gir han mellom anna fisk og fugl og fjernar bein før dei matar han.

Det er mykje spanande å sjå kvar einaste dag, men er du verkeleg heldig får du kanskje sjå når han kastar seg ut av reiret og flyr for første gong. Det vil skje når han er ca 12 veker gamal, rundt 21 juli.

Sjå nettkamera frå ørnereiret: Livet i ørnereiret