Hopp til innhold

Her er vinnaren av årets Maskorama

Snømonsteret er årets vinnar av Maskorama, og bak maska var den populære songaren Didrik Solli Tangen. – Det har vore stort.

Didigrik Solli Tangen

VINNAREN: Didrik Solli Tangen var Snømonsteret.

Forslaga frå detektivane var Espen Grjotheim, Vegard Ylvisåker og Didrik Solli Tangen. Men det var operasongaren Tangen som har skjult seg i kostymet dei siste vekene.

– Det har vore utruleg gøy. Eg har leika ein annan person. Å få lov å forme den karakteren har vore stort, sa Tangen.

Han legg ikkje skjul på at det har vore varmt og tungt å stå på scena med det store kostymet.

– Men samstundes utruleg morosamt, legg han til.

Finaleduellen stod mellom Snømonsteret og Dragen. Men det var Snømonsteret som stakk av med sigeren.

– Eg har lyst å dra på Snømonster-konsert, sa detektiv Marion Ravn til stor applaus etter at dei to siste låtane var framført.

Sjå avmaskinga av Snømonsteret her:

Sjå avmaskinga av Dragen:

Men før vinnaren kunne kårast, måtte Dragen ta av seg maska, og der var det Victor Sotberg som skjulte seg. Dermed fekk han andreplass.

– Det er det sjukaste eg har vore med på, sa Sotberg.

– Desse vekene har vore ein berg og dalbane. Eg har vore så nervøs, men eg hadde det så gøy!

– Ein andreplass, er det ikkje litt kjipt at det glipp rett før sigeren?

– Ein andreplass er jo litt «bittersweet», men det er over all forventning, eg trudde ikkje skulle komma til finalen ein gong.

– For ei reise, for eit eventyr, sa Jan Thomas, og innrømma at det var litt vemodig at det no er slutt.

Sjå avmaskinga av Bamsen:

Bamsen var den første til å ta av seg maska i Maskorama-finalen. Under maska skjulte Ingeborg Walther seg.

Sandra Lyng, Lisa Børud og Ingeborg Walther var gjetta. Men det var altså sistnemnde som stakk av med tredjeplassen i årets Maskorama.

– Det har vore heilt surrealistisk. Eg har vunne ein kamp med meg sjølv med klaustrofobien eg har hatt. Eg er så takksam for at eg har fått høve til å vere med, sa Walther etter avsløringa.

Ho er songar og blei for alvor kjend for eit stort publikum gjennom Stjernekamp.

Gjetta alle finalistane

Her kan du lesa om alle hinta i Maskorama.

Thomas Felberg og familien vurderte innslaga undervegs heime frå sofakroken. Dei klarte å gjetta alle tre finalistane.

– Er jo litt stolt over å ha klart å gjette alle tre, seier han.

Les alle vurderingane her:

– Unnskyld

Vinnar Tangen var glad for siger og samstundes letta over at det heile var over då NRK møtte han på scenen etter sendinga.

Han seier det har vore spesielt vanskeleg å halda det hemmeleg for dei næraste.

– Eg føler eg har loge for dei, så eg må berre seie unnskyld for det. Det er fordi eg har måtta, og det har eg kjent veldig på for eg likar ikkje det. Eg synest det er frykteleg. Eg har prøvd å unngått å lyge, og heller berre seie andre ting og svara litt diffust.

Han drar fram det å framføra I Wanna Dance With Somebody som den største augeblinken hans gjennom sesongen.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK