Hopp til innhold

Spellemann-nominerte Mads Hansen: – Eg har ingenting her å gjere

«Sommerkroppen» med Mads Hansen er nominert til Spellemannprisen i kategorien årets låt. Det er klart etter at dei nominerte blei presentert fredag. Sondre Justad fekk flest nominasjonar. Han kan vinne fire prisar 30. mars.

mads hansen

Mads Hansen hadde ein stor sommarhit med låten «Sommerkroppen». No kan han vinne Spellemannpris for årets låt.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Den tidlegare fotballproffen Mads Hansen fekk ein kjempehit i sommar med låten «Sommerkroppen», som er ein ironisk song om plastiske operasjonar. Sangen blei laga etter at han tapte eit veddemål, og blei raskt den mest spelte songen i Noreg.

No er låten nominert til Spellemannprisen som årets låt. Lista over dei nominerte i denne kategorien blir laga ut frå kva songar som har vore mest populære det siste året, og baserer seg på radiospeling, sal og strøyming. Hansen skal konkurrere mot blant andre Alan Walker, Kygo og Ina Wroldsen.

 Eg har ingenting her å gjere

Eg har ingenting her å gjere

Hansen seier til NRK at det er rart å vere nominert:

– Eg har ingenting her å gjere. Eg er vel den einaste som står på raud løpar her som er tonedøv. Men det er kjempestas. Ufortent, men veldig gøy.

Vinnaren blir kåra ved avstemming under prisutdelinga. Men om han skulle vinne, meiner Hansen likevel det kan vere rettferdig.

– Ser du på strøymetal er det vel «Sommerkroppen» og «Ignite» dei mest strøyma norske låtane i 2018. Så dersom ein legg det til grunn, vil det vere vel fortent. Men ein ser på talet på arbeidstimar lagt ned, så er det urettferdig om eg skulle vinne.

Mads Hansen har dessutan vunne prisar før. I 2009 vann han prisen for årets mål under Gullballen-utdelinga.

– Stas å bli nominert

Blant dei som skal konkurrere med Hansen om å bli årets låt, er popgruppa Seeb. Duoen Espen Berg og Simen Eriksrud synest det er artig at dei skal konkurrere med «Sommerkroppen» om ein pris.

– Det er kult at han er nominert. Slik vi har forstått det starta dette som eit veddemål, og så gjekk det veldig bra. Og det var litt slik det starta for oss også då vi begynte å remixe andre sine låtar. Vi gjorde det, og så gjekk det bra.

Seeb har arbeidd mykje som bakmenn med å produsere og remixe musikk for andre artistar. Difor synest dei det er stas å bli nominert til Spellemannprisen med eigen musikk for andre år på rad.

– I fjor var vi ikkje til stades på utdelinga fordi vi stod på scenen i London saman med Kygo. Men i år skal vi vere her, og då håper vi at vi vinn ein pris og kan få seie tusen takk.

Flest nominasjonar

Sondre Justad fekk flest nominasjonar, og kan stå att som den store vinnaren når Spellemannprisen blir delt ut. Han er nominert i fire kategoriar: årets album, årets låt, beste video og beste popartist.

Albumet «Ingenting i paradis» blei eit veldig personleg album for Justad. Då han gjesta «Lindmo» i mars i fjor, fortalde han at arbeidet hadde fått han til å tenke gjennom ting.

– Eg har kjent på at ting ofte er meir komplekst enn det vi vil det skal vere. Vi går glipp av så mange nyansar fordi vi er opptekne av å setje ting inn i eit system.

Sondre Justad hos Lindmo

Sondre Justad kan hente heim fire prisar under Spellemann-utdelinga i slutten av mars.

Låtskrivaren og artisten Ina Wroldsen er nominert i kategoriane for årets låt, låtskrivar og tekstforfattar. Ho har skrive musikk for blant andre Pusscat Dolls, Britney Spears og One Direction.

– Det er ei ære å bli nominert i alle kategoriane, men eg er først og fremst ein låtskrivar. Difor er det ekstra stas å bli nominert i dei klassene.

Musikkfest

I år er det 47. gongen Spellemannprisen blir delt ut. Prisen blei oppretta for å feire norsk musikkproduksjon. I tillegg til dei 24 kategoriane som blei presentert i dag, skal også prisane årets spellemann, årets internasjonale sukses og årets takk delast ut.

Spellemannjuryen kan også dele ut ein ærespris. Denne prisen blir berre delt ut når juryen ønsker å heidre nokon spesielt. Men prisen har vore delt ut kvar år dei siste åtte åra.

Tarjei Strøm og Julie Bergan

Tarjei Strøm (t.v.) og Julie Bergan skal vere programleiarar for Spellemannprisen som blir sendt direkte på NRK frå Chateau Neuf 30. mars.

Foto: Jonathan Vivaas Kise / NRK / Handout / NTB Tema

Utdelinga 30. mars blir sendt i to delar. Den første delen går direkte på nrk.no, og blir sendt i reprise på TV seinare på kvelden. Medan den andre delen blir vist direkte på NRK 1. I år er Julie Bergan og Tarjei Strøm programleiarar.

Leif Ove Andsnes er med sine 11 prisar den mestvinnande Spellemannen gjennom tidene. Oslo Filharmoniske Orkester og a-ha har vunne 9 prisar kvar, medan det har blitt 8 prisar til Ole Ivars og 7 til Odd Børretzen.

Dette er årets Spellemann-nominerte

Årets Album

  • Emilie Nicolas: «Tranquille Emile»
  • Rotlaus: «På vei»
  • Sondre Justad: «Ingenting i paradis»
  • Unge Ferrari: «Midt mellom magisk og magisk»

Årets Gjennombrudd & Gramostipend

  • Boy Pablo
  • Kamelen
  • Lise Davidsen
  • Rotlaus
  • Ruben

Årets Låt

  • Alan Walker, Tomine Harket, AU/RA: «Darkside»
  • Astrid S: «Emotions»
  • Ina Wroldsen: «Strongest»
  • K391 feat. Alan Walker, Julie Bergan, Seguri: «Ignite »
  • Kygo, Miguel: «Remind Me To Forget»
  • Mads Hansen: «Sommerkroppen»
  • Ruben: «Walls»
  • Seeb, Dagny: «Drink About»
  • Sigrid: «Strangers»
  • Sondre Justad: «Ikke som de andre»

Tonos Komponistpris

  • Anja Garbarek
  • Arve Henriksen/Eivind Aarset/Jan Bang/Jez riley French
  • Geir Holmsen
  • Ørjan Matre

Årets Låtskriver

  • Dagny Norvoll Sandvik
  • Ina Wroldsen
  • Stig Joar Haugen (Unge Ferrari)
  • Thea Hjelmeland

Årets Tekstforfatter

  • Eduardo Andersen
  • Ina Wroldsen
  • Lars Saabye Christensen
  • Odd Nordstoga

Årets Produsent

  • Aksel Carlson
  • Fay Wildhagen
  • Kai Gundelach
  • Kåre Christoffer Vestrheim

Årets Musikkvideo

  • Aurora: «Queendom» (regi: Kinga Burza)
  • Hkeem: «Ghettoparasitt» (regi: Thor Brenne)
  • Sigrid: «Sucker Punch» (regi: AB/CD/CD)
  • Sondre Justad: «Ikke som de andre» (regi: Trond Kvig Andreassen)

Barnemusikk

  • Karoline Krüger og Fru Nitters Rytmeorkester: «Labyrinter!»
  • Mandarinsaft: «På vei te en venn»
  • Naboen Min: «Rockesock»
  • Tonje Unstad: «Musling med melk»

Blues

  • Geir Bertheussen Blues Express: «Southside»
  • J.T. Lauritsen & The Buckshot Hunters: «Blue Eyed Soul Volume 1»
  • Jørgen Sandvik: «Permanent Vacation»
  • Ulf Myrvold: «Old Memories»

Country

  • Country Heroes: «Honky Tonk Tears»
  • Hege Øversveen: «Goodbye Yellow Roses»
  • Malin Pettersen: «References Pt. 1»
  • The Northern Belle: «Blinding Blue Neon»

Elektronika

  • Bjørn Torske: «Byen»
  • Fakethias: «Attune»
  • Sex Judas feat. Ricky: «Go Down Judas»
  • Smerz: «Have Fun»

Folkemusikk/Tradisjonsmusikk

  • Aslak Brimi Kvartett: «Vev»
  • Johanne Flottorp: «Johanne Flottorp»
  • Marja Mortensson: «Mojhtestasse – Cultural Heirlooms»
  • Sudan Dudan: «Heimen der ute»

Indie/Alternativ

  • Boy Pablo: «Soy Pablo»
  • Fay Wildhagen: «Borders»
  • Okay Kaya: «Both»
  • Thea Hjelmeland: «Kulla»

Jazz

  • Atomic: «Pet Variations»
  • Gurls: «Run boy, run»
  • Hanna Paulsberg Concept + Magnus Broo: «Daughters Of The Sun»
  • Moskus: «Mirakler»

Klassisk

  • Christian Ihle Hadland: «Christian Ihle Hadland plays Domencio Scarlatti»
  • Frida Fredrikke Waaler Wærvågen & Ingrid Andsnes: «Metamorfose»
  • Stavanger Symfoniorkester: «Symphonic Dances»
  • Tora Augestad & Oslo Philharmonic Orchestra: «Portraying Passion»

Metal

  • Aura Noir: «Aura Noire»
  • Beaten To Death: «Agronomicon»
  • Obliteration: «Cenotaph Obscure»
  • Sylvaine: Atoms Aligned, «Coming Undone»

Popgruppe

  • Band of Gold: «Where’s The Magic»
  • Lemaitre: «Lemaitre 2018»
  • Razika: «Sånn kjennes verden ut»
  • Seeb: «Nice To Meet You»

Popartist

  • Amanda Delara: «Running Deep» + «Soldiers»
  • Emilie Nicolas: «Tranquille Emile»
  • Sigrid: «Raw EP»
  • Sondre Justad: «Ingenting i paradis»

Rock

  • Oslo Ess: «Frie radikaler»
  • The Good The Bad And The Zugly: «Misanthropical House»
  • Turbonegro: «Rock’n’roll Machine»
  • Årabrot: «Who Do You Love»

Samtid

  • Cikada strykekvartett/Knut Olaf Sunde: «Vertigo Room»
  • Kjell Tore Innervik: «UTOPIAS – Radical Interpretations of Iconic Music»
  • Oslo Philharmonic Orchestra: «Ørjan Matre: Konserter for orkester»
  • Telemark kammerorkester, dirigent Lars-Erik ter Jung: «Chasing Strings»

Urban

  • MARS: «MARS»
  • EMIR: «Mer av deg»
  • Lil Halima: «Lil Halima 2018»
  • Unge Beirut: «Hevnen er søt, men jeg tilgir deg»

Viser

  • Ellen Sofie Hovland: «Og solen renner over»
  • Erik Lukashaugen: «Vi eier skogene»
  • Ingeborg Oktober: «Skjømmingsboka»
  • Masåva: «Masåva»

Åpen klasse

  • Amgala Temple: «Invisible Airships»
  • Anja Garbarek: «The Road Is Just A Surface»
  • Geir Sundstøl: «Brødløs»
  • Harpreet Bansal: «Samaya»

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.