Quiz: Test dine kunnskaper om fugler
Ved hjelp av moderne teknologi kan vi avsløre hemmelegheitene til dyra, og lære av dei som er aller best til å fly!
Miniatyrkamera har revolusjonert måten vi studerer flygemåten til dyr på. Dei veg under 30 gram, blir festa på fuglane og gir oss ei kjensle av å vere med på flyturen.
Kongeørna - svevspesialisten
Ei ørnevenge er bøyeleg og leikar heile tida med lufta. Venga bøyer seg på midten, og ytterst spriker handsvingfjørene som fingrar for å finjustere. Ei ørn kjenner liksom heile tida på luftstraumane for å få best mulig løft med minst mogleg strev.
Framleis på bakken. Kan dete vere noko gale med teknikken? (Foto: NRK)
Grunnen til at det er lett for fuglane, er at dei kan røre på vengene på mange ulike måtar. Eit stivt fly kan ikkje bevege seg som ein fugl. Ei flyvenge bruker metallklaffar for å påverke lufta på enkle måtar, mens ei fuglevenge heile tida bøyer og vrir seg på ein måte som gir mykje betre styring.
Men det er ikkje berre vengene som kan røre på seg. Snur vi kamera bakover, ser vi at halen også rykker til og rører på seg og samarbeider med vengene for å finjustere flyginga endå meir. For å få ekstra løft, spreier halen seg ut mot vengene så dei til saman blir éi stor venge. Og når ørna foldar saman halen, gir han ørna ekstra fart når ho skal fakke eit bytte.
Augene er teleskopet
Mens ørna flyr kan ho bruke det viktigaste våpenet sitt: Auga.
Sjølv om vinden heile tida skiftar retning og riv og slit i henne, kan ho oppdage ein hare på 2 kilometers avstand med teleskopsynet sitt. Så god kontroll kan flyingeniørar berre drøyme om!
Men i framtida kan det kanskje bli mogleg. Ved hjelp av bilete frå miniatyrkamera konstruerer NASA no framtidsfly som skal bli like smidige som fuglar.
Korleis kan humla fly?
Vitskapsmenn fann ein gong ut at humler ikkje kan fly. Dei har alt for små venger til å løfte den tjukke, dunete kroppen, meinte forskarane. Viss vi sender ei humle inn i ein vindtunnel og filmar ho med eit kamera som tar 2000 bilete i sekundet, så kan vi i sakte film sjå korleis ho gjer det. Dei små vengene slår raskt og dei bøyer seg meir enn hos store fuglar.
Men det mest interessante er at humla lagar ein masse små virvlar. Når noko set lufta i rørsle, blir det danna slike virvlar eller malstraumar. Ein malstraum har energi, og det er denne energien fuglar og bier utnyttar når dei flyr. Ved kvart vengeslag sender humla ein malstraum nedover for å få oppdrift.
Men korleis ho greier å lage så mykje oppdrift med så små venger, kan vi berre sjå dersom vi ser venga kome inn i røykskya i glimt på eit 2000-dels sekund. Medan venga lengst borte når toppen av vengeslaget, vrir ho på skuldra og lagar ein snurr som sug venga oppover.