- Eg visste at eg hadde satt den på lydlaus!
Men då Cille gjekk ut av studio under nyheitene skrudde Pål på lyden på telefonen til Cille, og ba nokon i redaksjonen om å ringe når sendinga var i gang att.
- Eg kjente igjen ringelyden med ein gong. Det er jo ikkje akkurat så mange som har sexbomb som ringelyd, ler Cille.
Ikkje planlagt
Dette var ingen planlagt spøk frå Pål si side.
- Dette var heilt impulsivt. Eg fann telefonen under sendinga, og då falt det meg berre inn akkurat der og då, ler Pål Thoresen som er nøgd med spøken sin.
Og då telefonen ringte lo Pål godt for seg sjølv.
- Eg trur Cille gløymte eit sekund at ho var på direktesending!
Hemnen er søt
- Eg er ganske redd for ei hemn, seier Pål og pustar oppgitt.
Og hemnen er under planlegging frå Cille si side.
- Det blir hemn, og den blir nådelaus!
- Cille går rundt med eit lurt smil om munnen. Vi skal jo ha sending saman igjen i slutten av februar og då er eg redd for at det skjer eit eller anna, seier Pål litt stressa.
Men det kan nok skje før den tid. For under redaksjonsmøtet, etter lureriet, rotta Cille seg saman med Brita Garden som til vanleg er programleiar saman med Pål.
- Eg er redd for at kanskje Brita vil hjelpe til ja, seier Pål, som må sjå seg godt over skuldra framover.
Treng di hjelp
Cille er fast bestemt på å hemne seg på Pål. Ho har eit par idear, men treng hjelp til å finne den perfekte plan.
- Eg treng tips til korleis eg kan ta rotta på han!
Cille meiner at det er umogeleg å sette Pål ut, og treng difor den perfekte plan.
- Det er nok mange som vil vere med å ta rotta på meg, ler Pål.
Det beste forslaget får eit krus i posten!