Hopp til innhold

Håpar på kvinnesiger i «Mesternes Mester»

ZADAR (NRK): Margaret Knutson Aase tapte semifinalen og er ute av «Mesternes Mester». No håpar ho romveninna hentar pokalen i finalen.

Margaret Knutson Aase

TUNG BØR: Margaret Knutson Aase vart sist i konkurransen «Tyndekraft» der ho gjekk 30 lengder med dei tyngande sandsekkane på kroppen. Romvenninna Kjersti Buaas gjekk over dobbelt så langt, og sette ny rekord med 64 lengder.

Foto: arne sørenes / nrk

– Det er klart at det var veldig kult å vere tre jenter i semifinalen. Det hadde vore ekstra kult om ei av jentene vann.

NRK møter Margaret Knutson Aase i Kroatia dagen etter at ho tapte semifinalen og måtte forlate den populære NRK-serien «Mesternes mester» .

I to episodar har tre kvinner og ein mann kjempa om dei tre finaleplassane i «Mesternes Mester». Etter «helvetesuka» låg Margaret sist, og måtte klatre på lista om ho skulle ha håp om finaleplass. Men også når «vinnarvilje» var konkurransetema enda ho nedst på resultatlista.

– Det var litt surt å komme så nære finalen, men det er dei tre beste som står igjen til slutt. Det er det ingen tvil om.

Margaret Knutson Aase

BEINHARDT: Margaret Knutson Aase gav det ho hadde i konkurransen "Tyngdekraft", men nådde ikkje opp mot dei tre konkurrentane som alle gjekk lenger enn den gjeldande rekorden i «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

Håper på romvenninna

No kryssar ho fingrane for at enten Ingvill Måkestad Bovim eller Kjersti Buaas klarer å slå Eirik Verås Larsen neste fredag.

For i løpet av ti sesongar er det berre ei kvinne som tidlegare har gått heilt til topps i «Mesternes Mester». I 2018 vann tidlegare handballspelar Gro Hammerseng-Edin den store pokalen.

Margaret Knutson Aase er imponert over nivået på dei kvinnelege deltakarane som har vore med i den 11. sesongen:

– Det er nokre knallsterke damer som er med i år. Det er kult å sjå at vi får det til.

No håpar ho særleg at romvenninna Kjersti Buaas skal stikke av med sigeren i år:

Ja, eg kryssar fingrane litt ekstra for at roomien min kjem seg til finalen og kanskje heilt til topps.

Margaret ute av Mesternes Mester

UTE FØR FINALEN: Margaret fortel om dei siste konkurransane i semifinalen.

– Som å slå opp med kjærasten å legge opp

31-åringen frå Kristiansand har konkurrert i kampsportane sport jiu-jitsu, brasiliansk jiu-jitsu og MMA (Mixed Martial Arts). Ho har til saman fire VM-gull, samt EM-gull og fleire VM-medaljar. I 2012 la ho opp etter å ha blitt verdsmeister i brasiliansk jiu-jitsu.

Aase fortel at det fyrste året vart krevjande. Særeleg var det rart å skulle slutte å konkurrere:

– Det blir jo som ei kjærleikssorg. Brått skal du slutte med noko som har vore det viktigaste av alt i livet ditt. Det var vanskeleg å tilpasse seg og skjønne kva det er «vanlege folk» held på med. Det var hardt, det var det.

Margaret Knutson Aase

HARDT Å LEGGE OPP: Margaret syntest det var vanskeleg å slutte å konkurrere. På biletet forklarer ho kva som skjedde i den siste konkurransen i «Mesternes Mester»

Foto: arne sørenes / nrk

Men ho slapp ikkje taket i idretten sin. Idrettspedagogen med utdanning frå Noregs idrettshøgskole driv i dag eige firma der ho jobbar som idrettslærar og kampsportinstruktør.

– Eg må heile tida halde meg oppdatert på idretten. Eg kan ikkje berre undervise det eg kunne for fem år sidan. Det er eg glad for, for då må eg framleis sørge for å ha minst eitt bein i miljøet.

– Ei fantastisk oppleving

For Margaret Knutson Aase har opphaldet ved Zadar i Kroatia vore ei oppleving for livet:

– Eg har fått testa meg på ting eg aldri ville prøvd på eiga hand.

Ho fortel at det var godt å kjenne på konkurransenervane igjen, men at dette også har vore ei lita påkjenning:

– Eg har vore skikkeleg i heilspenn i fleire veker og blitt veldig van med kjensla av å vere nervøs og overvinne den. Eg har verkeleg fått jobba med spenningsnivået, så det har vore heilt supert.

Som dei fleste andre konkurrentane dreg også Aase fram det sosiale som det viktigaste når ho skal prøve å samanfatte «Mesternes Mester»:

– Vi bur jo i ei boble her, og det kjennest som om vi er skilt frå resten av verda. Så ein blir veldig fort knytt til kvarandre. Alt på første nattesten då Madeleine skulle dra, så stod vi jo å hulka heile gjengen.

Margaret Knutson Aase

ROMVENNINNER: Diskodansaren Madeleine Enersen Hellerød (t.v) delte rom med Margaret Knutson Aase i Kroatia. No håpar dei at den tredje romvenninna Kjersti Buaas skal gå heilt til topps i «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober