Hopp til innhold

Siste fylke utan moské

Sogn og Fjordane er siste fylket utan moské. "Skammeleg, flaut og rasistisk'" - seier bygdefolket. "Me må vere tålmodige", seier muslimane.

Moské i Baku

Ein moskè i Baku. Det er slike Førde by ikkje vil ha.

Foto: MLADEN ANTONOV / AFP

Hør: Siste fylke utan moskè

Folk derifrå likar gjerne å kalle Sogn og Fjordane for anleisfylket, men no skil fylket seg ut på ein måte som gjer mange av innbyggjarane flaue. Islamsk Senter i Førde har leita etter eit forsamlingshus i fem år, men står framleis utan eige tak over hovudet. No blir lokalpolitikarane skulda for å vere handlingslamma og feige, og for å late fordommar styre avgjerdene i bystyresalen.

Må vere tålmodige

 Ibrahim Zarghoon

leiar for Islamsk Senter i Førde, Ibrahim Zarghoon

Foto: NRK

Gud er meir tålmodig enn mennesket, me må òg vere tålmodige og vente på at noko skal skje i framtida. Det seier Ibrahim Zarghoon. Leiaren for Islamsk Senter i Førde er vant til å vente. Sidan organisasjonen blei etablert for fem år sidan har dei ikkje klart å finne einge lokale der dei om lag 340 medlemmene kan samlast. Den private kjellaren dei lenge brukte var dårleg egna, og blei for trang. Førde kommune lova å finne ei ordning, men det var enklare sagt og gjort. No meiner mange at fordommar og rasisme har forsinka ei politisk avgjerd i saka.

Underskriftskampanje mot muslimar

- Ingen vil vel flytte inn her dersom det plutseleg kryr av innvandrarar i nabolaget.

Det sa ein av naboane til lokalavisa Firda då muslimane i fjor fekk tilbod om å leige eit lagerlokale.

- Både mitt og andre sine husvære vil falle i verdi dersom det blir Islamsk senter her. Det er berre slik det er. Men ein blir vel kalla rasist dersom ein seier noko slikt.

24 naboar skreiv under på ein protest mot at kommunen skulle tillate leigeavtalen. Islamsk senter fekk aldri leige lokalet.

Førde sentrum

Denne byen vil ikkje la Islamsk senter leige lokaler.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Støygrense mot bønerop

I haust kom saka opp på nytt. Kommunen diskuterte å setje av eit område der blant anna muslimar kan byggje seg forsamlingshus. Rådmannen tilrådde at politikarane burde leggje inn ei støygrense på 55 desibel. Dette utløyste ein debatt om bønerop. Ein lokal RV-politikar meinte at i så fall må ein slutte å ringe med kyrkjeklokkene òg. Ein forskar ved Norsk senter for menneskerettar i Oslo sa at ei slik støygrense bryt med norsk grunnlov. Ibrahim Zarghoon i Førde kunne forundra melde at dei slett ikkje hadde tenkt å kringkaste bønnerop, - det gjer ein berre i muslimske land.

Støy eller ikkje, i forrige veke avgjorde planutvalet at området skal fredast i tilfelle den vidaregåande skulen skal utvidast.

Norges kaldaste by

Katrine Sele

Katrine Sele

Foto: Firda/Arne Stubhaug

- Førde har svikta sine anleis truande på det grovaste.

Det skriv Katrine Sele i ein kommentar i avisa Firda i dag. Journalisten meiner kommuneleiinga i Førde let fordommar stogge etableringa av eit muslimsk forsamlingshus. Ho meiner prosessen dei siste åra gir eit bilete av politikarar som vik unna ansvaret sitt, og som let framandfientlege haldningar få styre saksgangen.

Førde er alt kjent for som den styggaste byen i landet. Sele meiner politikarane må ta sitt løfte om å ordne opp på alvor, viss ikkje risikerer dei at Førde også blir kjent som den kaldaste byen i landet. Då blir det fleire enn muslimane som vil tenkje seg om to gonger før dei buset seg i Førde.

Hør: Siste fylke utan moskè

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober