Reiser på nytt ut i verda med Beethoven

Leif Ove Andsnes sitt store Beethoven-prosjekt går no inn i siste sats. I løpet av det neste året skal pianisten turnere verda med komponisten sine fem pianokonsertar.

Leif Ove Andsnes sitt store Beethoven-prosjekt går no inn i sin siste fase. I løpet av det neste året skal pianisten turnere verda med komponisten sine fem pianokonsertar.

SPELAR OPP: Leif Ove Andsnes er klar for siste etappe av sitt fireårige Beethoven-prosjekt. Reporter: Oddgeir Øystese | Foto/redigering: Kjell Jøran Hansen

Han levde for 200 år sidan, men skriv musikk som i alle fall eg oppfattar nærast som healing. Musikk snakkar til publikum.

Leif Ove Andsnes

– Hør på dette her – finst det ein vakrare melodi?, spør Leif Ove Andsnes og legg henda på dei kvite tangentane.

44-åringen har berre tid til ein snarvisitt innom heimen i Bergen, før han legg ut på siste etappe av Ludwig van Beethoven-reisa. I tre år har musikken til den tyske komponisten fylt han heilt.

– Eg er på ein måte i det, i eitt fokus. Det er utruleg herleg å la tankane berre fara.

Redd for å gløyma

Siste plate i Beehoven-prosjektet kom ut i dag, med den femte pianokonserten til den tyske komponisten. Det som står att for Leif Ove Andsnes no er ein lang turné til somme av dei største konserthusa i verda.

– Dette er den mest utfordrande etappen. Eg har klatra opp eit fjell, og det er den siste stigningen igjen. Den som går rett opp.

På denne turneen skal alle dei fem pianokonsertane til Beethoven framførast. Andsnes innrømmer at det er ambisiøst.

– Eg spelar jo alt utan notar og leiar orkesteret samstundes. Memoreringa er alltid noko ein er redd for. Redd for at ein skal gløyma.

– Grugledar meg

Leif Ove Andsnes

- FANTASTISK MUSIKK: Leif Ove Andsnes gler seg til å reisa ut igjen verda med Ludwig Van Beethoven sine verk.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Denne etappen av prosjektet byrjar i Hamburg i Tyskland 24. september. Så tek Andsnes turen til Beethovens fødeby, Bonn, og gjer tre konsertar der. Deretter går det slag i slag (sjå turnèplanen her). Heile turneen vert avslutta i juli 2015 i London.

– Det blir ein milepæl for meg, det å spela så mange forskjellige og store stykke på ein gong. Eg grugledar meg, smiler Andsnes.

– Vi treng Beethovens musikk i dag

Beethoven levde frå år 1770 til 1827, i ei tid med enorme omveltingar i Europa. Då prosjektet til Andsnes byrja i 2011, skildra han komponisten sine verk som «musikk som passar i vår tid».

Det held han framleis fast ved.

– Han levde for 200 år sidan, men skriv musikk som i alle fall eg oppfattar nærast som healing. Musikk snakkar til publikum. Beethoven går til mørke og lyse stader, men det er alltid ein optimisme. Han såg oppover, skildrar Andsnes.

– I dag kan du opna ei nettavis og vere to klikk unna å sjå ei halshogging. Eg trur me treng optimismen og lyset som Beethoven, mirakuløst nok, kan gi oss.

Gode mottakingar

Andsnes seier han som pianist har svært mykje å velja mellom. Han meiner det difor er fint å kunne avgrensa seg til ein nokre år.

– Eg har mange århundre med musikk å velja mellom. Så då vart det slik; no tek eg tre-fire år og spelar berre ein komponist. Det trur eg at eg har vakse på.

Og mottakingane har vore gode.

– Men blir du ikkje lei av Beethoven?

– Eg blir lei av å øva på han, det skal eg innrømme, ler Andsnes.

– Men så møter eg eit orkester, eit publikum og går igjen inn på scena. Med eitt er musikken hans spontan og seier meg så mykje. Det er fantastisk musikk å jobba med.

I Norge kan du oppleva Andsnes saman med Nordnorsk Opera og Symfoniorkester i Bodø og Tromsø i november. I januar 2015 spelar han saman med Filharmonien i Bergen i Grieghallen, medan han vitjar Olavshallen i februar saman med Filharmonien i Trondheim.

Høyr klipp frå Leif Ove Andsnes si nye plate:

Laster SoundCloud-innhold