NRK Meny
Normal

Sinte foreldre klagar til Roskilde

Foreldre vender seg til Roskilde for å klaga over at barna deira frys. Meldingane har runne inn på Facebook etter at festivalen opna laurdag.

ROSKILDE: Laurdag opna festivalområdet, om ungdommar strøymde inn for å finne seg ein plass å telte.

Foto: Ida Marie Odgaard / AFP

​«Mange ungdommar, inkludert dotter mi, har lege i kø i 24 timar. Dei spring rundt for å finne ein plass å telte, for så å bli vist bort frå området saman med 500 andre grunna branntryggleik. Det er inga skiting. Nå har dei ingen stad å vera. Dei frys og er våte, og det er ikkje i orden.»

Slik lyder ei melding frå ei mor etter at opninga av festivalområdet ikkje gjekk heilt som planlagt. Eit teltområde som ikkje kunne brukast, førte til at mange foreldre sette seg ned ved tastaturet og sende klager til festivalen, skriv Berlingske.

Regn på Roskilde 2007

DÅRLEG ÅR: 2007 var eitt av dei verste åra på Roskilde, da heile festivalområdet var ei stor gjørme.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Ein aukande tendens

Talskvinne ved Roskilde-festivalen, Christina Bilde, fortel til Danmarks Radio at dei siste åra har foreldre i aukande grad varta opp festivalbarna. Dei køyrer ungdommane til og frå festivalen, kjem med mat undervegs – og klagar på vegner av dei.

– Vi ser òg at dei unge ber om hjelp til ting som dei tidlegare klarte sjølv.

Bilde seier at foreldre ofte ringer til infosenteret deira fordi dei ikkje har høyrt frå barna sine.

– Det kan vi ikkje hjelpe til med på individnivå, men vi brukar å seia at dersom foreldra ikkje har høyrt noko, så har barna det bra.

Roskilde 2007

VÅTT OG KALDT: Mange foreldre er bekymra fordi barna deira ikkje finn nokon plass å slå opp teltet.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Kallar dei curlingforeldre

Det er ikkje alle som er bekymra over dei våte og kalde deltakarane på festivalen. På Facebook-veggen til festivalen har nokon skrive ei melding der dei undrar seg dei klagande foreldra:

«Kom igjen, dersom 17-årige Virak og 19-årige Rullegardin er gamle nok til å reise på Roskilde, og i tillegg liggje i kø i timar/dagar for å koma inn, så er dei gamle nok til at speltmor og glutenfar ikkje treng å trekkje det tunge artilleriet fram frå innerlommene for å bombardere Roskilde med spørsmål om kvifor akkurat deira små laktosefri podar skulle stå 23 minutt i regnet. Det. Er. Ein. Festival.»

The audience reacts during the concert of Bomba Estereo at the Roskilde Festival in Roskilde

I FJOR: Publikum under ein konsert på Roskilde i fjor.

Foto: Scanpix Denmark / Reuters

Kulturstrøm

  • Lager «Buffy the Vampire Slayer»

    20th Century Fox Television skal lage en ny versjon av 90-tallsklassikeren «Buffy the Vampire Slayer», skriver Variety. Serien skal produseres av Joss Whedon, som også holdt i den originale serien. Serien handler om Buffy Summers (Sarah Michelle Gellar) som får et kall om å bekjempe vampyrer og etterhvert en hel mengde andre monstre. «Buffy, vampyrenes skrekk», som den het på norsk, gikk fra 1996 til 2003 og ble vist på TVNorge.

    Buffy The Vampire Slayer
    Foto: Handout © c.20thC.Fox/Everett/REX
  • Gard Nilssen ny Artist in Residence

    Gard Nilssen blir Artist in Residence i 2019, dette melder Moldejazz i en pressemelding. Nilssen omtales som en trommeslager med hjerte for jazz og improvisert musikk. Trommisen har sin bakgrunn fra jazzlinja på NTNU. Han har tidligere gjestet Moldejazz en rekke ganger med ulike band.

    Gard Nilssen
    Foto: Moldejazz