Hopp til innhold

Sigvart Dagsland: – Det var kjipt

Sigvart Dagsland hadde planlagt turné denne hausten. Men alt fall bort på grunn av korona. No er fleire artistar og bakmenn spente på om nye støttetiltak kan redde jula.

Sigvart Dagsland - portrett

TAP: Sigvart Dagsland mista store delar av hovudinntekta si i år då han måtte avlyse konsert-turnéen sin i haust.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Fos oss var det eit halvt år som berre falt bort, og alle inntektene stort sett, seier artist Sigvart Dagsland.

I haust skulle han ha reist landet rundt på ein ny turné med 70 konsertar.

Dagsland fortel at 80 % av inntekta hans, og for mange andre artistar, kjem frå nettopp konsertar. No har han ingen.

– Det var kjipt, særleg overfor bandet mitt og teknikarane som var involverte, seier han.

For det er ikkje berre han dette går ut over.

Arrangørar, teknikarar, produsentar, restaurant og hotell er blant dei som kjenner på store ringverknader og økonomiske tap av ei konsertavlysing.

Han meiner regjeringa har brukt lang tid på å forstå kor viktig denne næringa er for mange menneske.

– No har regjeringa byrja å skjøne at vi driv med ei milliardnæring, men føreseielegheit hadde vore veldig ønskeleg, seier han.

Christian Ingebrigtsen med Frelsesarmeens husorkester og vokalensemble

USIKKER JUL: Jan Erik Haglund, dagleg leiar i Skyskraper artist, må snart ta ei avgjerd om dei skal gjennomføre eller avlyse dei planlagde juleturnéane.

Foto: Carina Eide Øyan

Milliardindustri

Han får støtte av Jan Erik Haglund, dagleg leiar i Skyskraper artist, som er management og konsertarrangørar for artistar som Sissel Kyrkjebø og Christian Ingebrigtsen.

Berre julekonsertane til dei profesjonelle artistane sel vanlegvis rundt 800.000 billettar og omset for 150 millionar kroner, ifølgje Haglund.

Til saman går nordmenn vanlegvis på konsert for nærmare 3 milliardar kroner i løpet av eit år.

No håpar også han at myndigheitene byrjar å forstå korleis musikkbransjen er bygd opp.

– Vi er heilt avhengige av å kunne få støtte. Og no snakkar vi ikkje om lønsemd, men om å få det til å gå rundt, altså.

Vil ha dekning for konsertar som vart avlyst

Og regjeringa har innsett at kulturbransjen treng meir hjelp. Frå 1. oktober blir det etablert ei stimuleringsordning, der målet er å skape aktivitet i kulturbransjen.

Denne pakka inneheld 900 millionar, men det er ikkje avklart korleis desse millionane skal bli fordelt ennå.

Sigvart Dagsland har spesielt eitt ønske.

Sigvart Dagsland ved pianoet
Foto: Tom Edvindsen / NRK

– Å få ei dekning for konsertar som var planlagt, men som ikkje vart, og ikkje kunne bli, det hadde vore ein fantastisk ting, seier han.

Han fortel også at dei treng større marginar enn det er no.

– Konsertar krev eit halvt år planlegging minst. Føreseielegheita har mangla.

Gjennomføre eller avlyse?

Også Per-Ole Moen, direktør i Oslo Spektrum, er spent på den nye støtteordninga.

– Vi er veldig glade for at det blir lagt opp ei stimuleringspakke. Samtidig er det viktig at den blir forma ut, slik at den blir treffsikker, og ikkje berre er gunstig for nokon få i bransjen, seier han.

For i Oslo Spektrum har det vore stille sidan mars. Til jul inviterer Kurt Nilsen inn i salen som har plass til 11.000.

Men no er det berre 200 som får kome.

Helt tom spektrum

TOMT: Oslo Spektrum vil nesten vere tom når Kurt Nilsen og andre store artistar skal ha sine julekonsertar.

Foto: NRK

Det fører til store økonomiske tap for alle involverte.

Også Haglund seier han treng tydeleg beskjed kva den nye ordninga inneber – og det raskt.

– Vi kan ikkje vente noko lenger no med å bestemme oss. Skal vi gjennomføre konsertar i haust og til jul, eller er vi nøydde til å kansellere i år?

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober