Hopp til innhold

Tusvik: – Blei drapstruga etter abort-protest

I den nye «Tusvik & Tønne»-podkasten les Sigrid Bonde Tusvik opp ei melding ho har fått der ho blir truga med kniv og hagle.

Sigrid Bonde Tusvik

Sigrid Bonde Tusvik er ofte godt synleg både som komikar og samfunnsdebattant. Førre veke fekk ho ei melding der ho blei truga på livet om ho ikkje heldt ein lågare profil.

Foto: Kaja Marie Andreassen / NRK

Komikaren Sigrid Bonde Tusvik har vore godt synleg i samfunnsdebatten den siste tida. Etter utdelinga av Humorprisen reagerte ho på at ingen kvinner fekk pris. Og tysdag møtte ho opp framfor slottet saman med 29 andre kvinner kledt i raude «Handmaid's Tale»-kapper for å protestere mot endringar i abortlova.

I podkasten «Tusvik & Tønne» seier Tusvik at ho har fått mange tilbakemeldingar i veka som har gått. Men det var særleg ei melding som fekk henne til å bli redd.

Tusvik seier i podkasten at ho nokre timar før ho skulle på scenen torsdag fekk ein SMS frå eit svensk nummer. I meldinga stod det at ho burde passe seg:

«Kanskje det er på tide du begynner å halde kjeft om ting du ikkje har noko med. Eg veit kvar du bur, og har både kniv og hagle. Du burde halde deg langt unna offentleg heita», les ho frå meldinga.

Handmaids

Då regjeringa blei presentert tysdag i førre veke, møtte Sigrid Bonde Tusvik opp saman med 29 andre kvinner for å protestere mot endringar i abortlova. Dei var kledde i raude kapper slik kvinnene i TV-serien «Handmaid's Tale» har.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Meldt til politiet

Tusvik seier ho blei redd sidan ho kort tid etterpå skulle stå på scenen og underhalde. Samtidig var barna hennar heime med barnevakt.

– Trugsmålet trefte meg der og då. Eg fekk hjartebank og raudt utslett.

Tusvik seier ho kontakta politiet som var klare på at dette var eit alvorleg trugsmål. Ho seier dei også kopla inn svensk politi som prøvde å få tak i vedkomande som hadde sendt henne meldinga.

Sigrid Bonde Tusvik seier ho skreiv melding til politiet same natt, som ho leverte på politistasjonen fredag. Politiet vil verken stadfeste eller avkrefte at det har kome ei slik melding.

Tusvik og Tønne

«Tusvik & Tønne» har bygd seg opp til å bli ein av dei mest populære podkastane i Noreg. På biletet fekk dei pris for «Årets podkast» under Kjendisgallaen i 2016.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Blei redd

Showet torsdag blei gjennomført som normalt, men det var ubehageleg å stå på scenen når ein ikkje visste om det var nokon i salen som ville henne noko vondt, seier Tusvik i podkasten.

Det blei leigd inn ekstra vakthald den kvelden, og alle som hadde løyst billett måtte sjekkast før dei fekk kome inn.

Tusvik seier politiet oppmoda henne også om å flytte barna same kveld.

– Då dei sa eg måtte flytte barna, blei eg ekstra redd. Dei sa indirekte at eg ikkje var trygg heime. Eg fekk ikkje hjartet til å slutte å banke.

NRK har vore i kontakt med Sigrid Bonde Tusvik som seier ho ikkje ønsker å seie meir om saka enn det ho seier i podkasten.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober