Hopp til innhold

Signerte «Fifa»-proff, sparka to dagar seinare etter nett-grums

Først blei «Fifa»-proff Tony Kok presentert som PSV-profil med ein pompøs Youtube-video. Så blei 22-åringen sparka etter sexistiske og og nedsetjande meldingar på nettet.

Tony Kok

Den nederlandske esportutøvaren Tony Kok blei signert av PSV Eindhoven fredag. Søndag fekk han sparken. Bildet er frå videoen der Kok blei presentert av PSV.

Foto: PSV/Youtube

Dei siste åra har fleire idrettsklubbar sett moglegheitene som ligg i esport. I fjor signerte mellom andre fotballklubben Manchester City ein «Fifa»-proff. Her heime signerte Viking 15 år gamle Alexander som «Fifa»-spelar.

Dei utradisjonelle signaringane inneber at unge menn og kvinner får betalt for å spele TV-spel av profesjonelle idrettsklubbar.

I Nederland har dei store, tradisjonsrike klubbane i Ajax, Feyenoord og PSV Eindhoven alle fått eigne esportavdelingar.

Fredag blei den tredobbelte nederlandske «Fifa»-meisteren Tony Kok (22) signert av PSV.

– Eg er utruleg glad. Det ein draum å få representere ein så stor klubb, sa Kok til fotballklubben sine nettsider.

Kalla PSV-fans «homo»

Ikkje lenge etter signeringa, følgt av ein svært pompøs presentasjonsvideo, blei derimot Kok innhenta av fortida.

Skjermbilde av ei lang rekkje grumsete meldingar på Twitter blei posta i hopetal. Kok sjølv hadde sletta meldingane, men internett gløymer ikkje.

Nettstaden SoccerNews har gjeve att fleire av meldingane. Der ser ein at Kok mellom anna har komme med ei rekkje nedsetjande meldingar om kvinner. I tillegg har Kok, som eigentleg er fan av PSV-rival Ajax, kalla tilhengjarar av PSV «homo» ved meir enn eitt høve.

Søndag avgjorde PSV å avslutte kontrakten med 22-åringen.

Med denne videoen blei Tony Kok presentert som PSV-profil.

– Ei flau erfaring

Marknadssjef Guus Pennings i PSV seier på nettsidene til klubben at dei «sjølvsagt hadde gjennomført bakgrunnssjekkar».

– For å få eit klart bilde, inkludert oppførsel på nettet, er det essensielt at begge partar er ærlege og legg korta på bordet. Dette skjedde uheldigvis ikkje.

Dette er ei flau erfaring i esportfeltet, som vi tek lærdom frå, seier Pennings.

PSV-generalsekretær Toon Gerbrands seier til nettstaden Omroep Brabant, gjeve att av Kotaku, at oppførselen som Kok har vist på nettet er svært langt unna kjerneverdiane til PSV.

– Vidare samarbeid er umogleg. Dette var ein håplaus og flau situasjon for både han og oss, seier Gerbrands.

Meiner seg svartmåla

Kok sjølv har foreløpig ikkje uttalt seg, men teamet til Fifa-proffen har uttalt seg til Algemeen Dagblad.

Dei seier at Kok sjølv er ansvarleg for det han har gjort, men at postinga av gamle Twitter-meldingar var del av ein svartmålingskampanje.

Det positive i den vesle skandalen i Eindhoven, er at PSV ikkje blir mindre offensiv i esportsatsinga. Når Kok no er sparka, skal fotballklubben finne ein ny esportprofil som erstatning.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP