Anders Baasmo Christiansen er ein av ti unge og lovande europeiske skodespelarar som vert presentert internasjonalt under filmfestivalen Berlinalen 11.-21. februar.
- LES ÒG:
- Dette er kjempehyggeleg, og ei veldig fin anerkjenning. Å vere Shooting Star kan godt gje moglegheiter for å verte med på filmprosjekt utanfor Noreg, men eg er stolt og glad berre over å ha vorte plukka ut av denne juryen. Ekstra stas er det sidan konkurransen om å verte valt ut har vorte hardare dei siste åra, seier Anders Baasmo Christiansen.
Einaste nordiske Shooting Star
Det vert totalt plukka ut ti Shooting Stars i år, og Anders Baasmo Christiansen er den einaste nordiske skodespelaren.
Nicolai Cleve Broch, Ane Dahl Torp, Trond Espen Seim, Aksel Hennie, Maria Bonnevie, Kristoffer Joner, Gørild Mauseth og Anneke von der Lippe har tidlegare representert Noreg som Shooting Star.
Kandidatane som vert nominerte til Shooting Star må vere under 35 år, vere godt kjende i heimlandet, og ha spelt i minst ein publikumssuksess. Alle dei 31 medlemslanda i European Film Promotion kan nominere skodespelarar, og ein internasjonal jury plukkar så ut ti Shooting Stars.
- LES ÒG:
I 2009 var Anders Baasmo Christiansen på Berlinalen i Berlin i samband med filmen Nord, som vann kritikarprisen. I år kan han vende tilbake til filmfestivalen som Shooting Star.
- LES ÒG:
- LES ÒG:
- LES ÒG:
- LES ÒG: