Hopp til innhold

Shira Etana Klezmerensemble

Jødisk fest og bryllaupsmusikk frå Aust-Europa er det desse fire jentene som utgjer Shira Etana Klezmerensemble elskar å spele, og dei får det godt til.

Shira Etana Klezmerensamble
Foto: Promo

Lurar du på kva denne jødiske fest og bryllaupsmusikken er så skal dei på laurdag framføre "freilach" som er tradisjonell klezmermusikk, men allereie no kan du sjå og høyre jentene spele ”Chusidl”, som og er tradisjonell Klezmermusikk. Det kan du gjere ved å sjekke ut deira audition .

Vil du vere med?

Leoni Abrahamsen er den einaste av dei fire jentene som faktisk er jødisk, og ho visste godt kva denne typen musikk var, men dei tre andre var ganske blanke på det området.

- Leoni spurte om eg ville vere med å lage slik musikk, så blei dei to andre med seinare, seier Kirsti Jacobsen (klarinett).

Det heile starta som eit lite prosjekt jentene ville halde på det, så utvikla det seg til å bli eit ganske mykje større prosjekt. I dag er dei eit band som vil halde på lenge.

Kva vil de bruke pengane de vinn til?

- Spele inn plate. Og så er vi blitt invitert til Tsjekkia, Moskva, New Your og Israel for å spele, alt dette kostar pengar.

På gøy med Shira Etane:

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

- Leoni Abrahamsen (fiolin): - Eg studerar jo klassisk musikk ved Noregs Musikkhøgskole, om det ikkje er ”nerdete” så veit ikkje eg!

Marianne Halmrast (kontrabass): - Cd-ane mine er sortert alfabetisk.

Anne Sørtømme (Accordion): - Det må vere musikkvitaren i meg. Har vore fagidiot omtrent heile livet, på fest blir det gjerne ein prat om globalismeringsfenomen i musikken…

Kva er ditt mest idiotiske kjøp?

Marianne: - Eg kjøpte ein gong eit miniskateboard, har no gitt det bort til ein unge.

Anne: - Eg er veldig svak for musikkinstrument. Kom heim med ei hestefele frå Mongolia då eg var på ferie der. Eg har og ein lur, meråkerklarinett, mandolin, baryton, og nokre små blåseinstrument med i samlinga.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober