Hopp til innhold

Sex Pistols-konserten «alle» var på

Sex Pistols sitt besøk i Oslo i 1977 vert omtalt som den viktigaste hendinga i norsk konserthistorie. No kjem boka om konserten.

Sex Pistols i Oslo 1977

Sex Pistols i Oslo i 1977

Foto: Laurvik, Henrik / SCANPIX

20.juli 1977 spelte Sex Pistols på Pingvin Club i Oslo. Berre 200 menneske fekk plass, men det er langt færre enn dei mange som i ettertid har skrytt på seg at dei var der den kvelden.

Trygve Mathiesen

Trygve Mathiesen har skrive boka om den legendariske konserten.

Foto: K&U / K&U

– Det er mange som skryt av det etterpå, vi hadde fylt Ullevål stadion viss alle som påstod dei var der, verkeleg hadde vore der, seier Thor Rune Haugen, rockegeneral i NRK på 80- talet.

Enorm merksemd

No har ein av de mest omtalte konsertane i norsk konserthistorie fått plass mellom to permar. Boka Banned in the UK - Sex Pistols exiled to Oslo 1977 er skrive av Trygve Mathiesen, med hjelp frå Harry Nordskog. For at også utanlandske lesarar skal få ta del i Sex Pistols sitt Oslo-besøk, er boka skriven på engelsk.

I 2007 gjekk forfattaren ut og etterlyste publikum som var til stades på konserten , for å få førstehandsskildringar av opplevinga.

Herodes Falsk

Herodes Falsk var ein av dei få som faktisk var der.

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Ein av dei som i ettertid har bevis på at han var til stades var Herodes Falsk.

– Eg er ein av dei som ikkje har gidde å sagt at eg var der, fordi det nesten har kjentest flaut å vere blant alle dei folka som berre påstod at dei hadde vore der, seier Herodes Falsk.

Til å vere ein konsert for så få, har hendinga fått enormt mykje merksemd. Ein av dei som er fascinert over konserten er teikneserieforfattar og manusforfattar Christopher Nielsen. Hans stykke "Hustyrannen", handlar mellom anna om ein mann som hevdar at han var på Pingvin Club i 1977.

Johnny Rotten i spissen for Sex Pistols spilte på Pingvin Club i Oslo i 1977

Eit sjeldant fargebilete av frontfigur Johnny Rotten frå konserten på Pingvin Club.

Foto: K&U / K&U

Kartlegging av publikum

Men no kan alle dei som heile tida berre har påstått å ha vore på Sex Pistols-konserten, som i Hustyrannen, få eit forklaringsproblem. I arbeidet med den ferske boka om konserten, har Trygve Mathiesen prøvd å spore opp alle dei som verkeleg var til stades.

– 214 har eg funne. Det har vore så mange mytar omkring det, og så mange som har skrytt det på seg. Så det har vore ei utfordring, og kjempespanande oppgåve å kartleggje alle som var der, seier Mathiesen.

Boka skildrar heile døgnet Sex Pistols var i byen. Mathiesen meiner Sex Pistols- konserten kanskje er den viktigaste i Norge nokon gong, og at han endra byen for alltid.

Sex Pistols

Frå Sex Pistols sitt møte med pressa i Oslo.

Foto: Laurvik, Henrik / SCANPIX

Herodes Falsk fortel om korleis han opplevde dagen, saman med ven og kollega i bandet Prima Vera, Jahn Teigen.

– Det var bra stemning. Eg hugsar at noko spytta og slikt, og at Sid Vicious gjekk og slo litt rundt seg med bassen, det var slik det skulle vere, fortel Herodes Falsk.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Pris til norsk film i Venezia

    Dag Johan Haugeruds film «Kjærlighet», som er nominert til Gulløven i Venezia, ble tildelt filmkritikerprisen Bisato d'Oro i Venezia fredag kveld. Det fant sted foran Palazzo Del Cinema, får NRK bekreftet av NFI.

    Bisato d'Oro er en uavhengig filmpris som deles ut under filmfestivalen i Venezia av en gruppe filmkritikere. Det er en parallell pris til festivalens offisielle priser.

    Det er første gang en norsk film kjemper om hedersprisen siden 1986. Filmen «Kjærlighet» er nummer to i Haugeruds trilogi som handler om sex, drømmer og kjærlighet.

    På rollelisten står blant annet Lars Jacob Holm og Tayo Citadella Jacobsen, som ble fotografert på rød løper fredag. Andrea Bræin Hovig, Marthe Engebrigsten og Thomas Gullestad medvirker også i filmen og tilbringer helgen på filmfestivalen.

    Vinneren av Gulløven avgjøres lørdag.

    Den norske filmen Kjærlighet fikk kritiker-pris i Venezia. Her er gjengen på rød løper fredag 6. september 2024.
    Foto: NFI
  • Fortreffelig kombinasjon av arbeidsplasskomedie og agentspenning

    – I den fjerde sesongen fortsetter denne deilige blandingen av høyspent etterretning og sorthumoristiske gullkorn å skinne på skjermen. Denne gangen starter det med en eksplosjon i London, og vi settes raskt på sporet av gamle hemmeligheter og en mulig MI5-skandale, skriver seriekritiker Sigurd Vik om «Slow Horses» på Apple TV+.

  • Post-punk bandet English Teacher vant prestisjetung pris

    Det engelske post-punk bandet «English Teacher» vant Storbritannias prestisjetunge Mercury pris for sitt debutalbum «This could be texas» under en seremoni i Londons Abbey Road-studier torsdag, melder nyhetsbyrået AFP.