Hopp til innhold

Serieskaparar fryktar at sanninga om 22. juli blir forvrengt

Med «22. juli» ønsker serieskaparane å formidle ei historisk korrekt forteljing av kva som skjedde. Dette for å unngå at sanninga blir forvrengt.

NRKs dramaserie «22. juli» – Eivind (Øyvind Brandtzæg)

22. JULI: Serien «22. juli» vil heidre innsatsen til vanlege folk før, under og etter terrorangrepet. Serieskaparane har difor intervjua fleire av dei som jobba den dagen, for å få ei mest mogleg realistisk framstilling.

Foto: NRK

– Målet med denne serien var at han skulle vere så sann og autentisk som mogleg. Karakterane er fiktive, men det som blir formidla og fortald er reelt, seier manusforfattar Sara Johnsen.

I dramaserien «22. juli», som hadde premiere på NRK i går, følgjer vi fem hovudkarakterar som på kvar sin måte blir involvert i konsekvensane av den største terrorhendinga i Noreg etter andre verdskrig.

Rundt 500.000 såg på fyrste og andre episode på lineær TV, medan snaut 100.000 såg episodane digitalt.

NRKs dramaserie «22. juli» – Torill (Maren Sennels Jenssen)

VITNESBYRD: «22. juli» møter vi dei som var på jobb under og etter terrorhendingane i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. Her ser vi Torill (Maren Sennels Jenssen).

For Johnsen og ektemannen Pål Sletaune, der sistnemnde står for regien, var det viktig å leggje seg så tett opp mot verkelegheita som overhovud mogleg, for å unngå mytedanningar og konspirasjonsteoriar.

– Det skal vere slik at du kan sitje saman med ein 14-åring og fortelje han at «viss du ser på nettet om tre år at 22. juli var arrangert av Ap sjølv, så har du denne serien som ei historisk korrekt framstilling av kva som skjedde», seier Johnsen.

22 Juli

TRUVERDIG: – Vi vil at folk skal oppleve at serien er ei historisk korrekt framstilling av kva som skjedde, seier serieskaparane Sara Johnsen (t.v.) og Pål Sletaune (t.h.).

Foto: Ole Kaland/NRK

– Viktig for samfunnet

Lisbeth Kristine Røyneland, leiar for den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, har sett heile serien. Ho meiner at han er svært verdifull for neste generasjon.

– Dei som veks opp no har ikkje kjennskap til 22. juli, og difor er det svært viktig at dei får kunnskap gjennom fleire plattformer.

Ho nemner at barn og unge allereie no kan lære om 22. juli gjennom skuleverket, gjennom vitnesbyrd og læresenteret på Utøya, i tillegg til 22. juli-senteret. Likevel understrekar ho at ein slik dramaserie er eit viktig supplement.

– Denne serien er viktig for samfunnet, spesielt med tanke på å vekke debatt om tankegodset som ligg bak terroren. Det er berre på den måten at samfunnet kan bli betre.

Lisbeth Kristine Røyneland

KJENSLEMESSIG STERK: Lisbeth Kristine Røyneland, leiar for den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, synest serien var kjenslemessig sterk. Ho meiner det er viktig å få fram historia til kommande generasjonar.

Foto: NRK

Vi må aldri gløyme

Serieskaparane var klare over dei etiske problemstillingane ved å lage ein fiksjonsserie av den mest dramatiske dagen i norsk moderne historie. Likevel var dei ikkje i tvil om at historia må forteljast.

– Det er superviktig at vi hugsar kva som skjedde, spesielt når ein ser kor fort vi gløymer, seier Johnsen.

Ho understrekar at det er ein del av oppgåva til kulturindustrien å finne eit språk for å formidle det som nærmast er umogleg å fortelje om.

Kulturstrøm

  • «Motståndaren» blir svensk Oscar-kandidat

    Filmen om en bekymret, iransk bryter er Sveriges Oscar-kandidat.

    – Det er litt uvirkelig, sier regissør av «Motståndaren», Milad Alami til TT om at den svenske Oscar-komiteen valgte hans film foran blant annet Lukas Moodysons «Tilsammans 99».

    Allerede er hans film valgt ut som svensk kandidat til Nordisk råds filmpris, som deles ut i oktober.

Flere kulturnyheter