NRK Meny
Normal

Sensasjonell misforståing

Eit ektepar på sopptur trudde dei snubla over historisk sensasjon, men det viste seg å vere ein Norsk Attraksjon!

Linda Eide og Jahn Børe Jahnsen studerer den falske runesteinen
Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Soga startar ein vakker haustdag i 2007. Anna Rust og Jan Holt var på sopptur i Tisleidalen i Nord-Aurdal og la merke til ein stein dei aldri hadde sett maken til.

- Då tenkte eg; eg må ha funne den største runesteinen i Valdres, fortel Jan.

Den lidenskapelege steinsamlaren hadde sett det meste før, men ein runestein frå vikingtida overgjekk alt.

- Han vart ganske vill, seier Anna. Begge to fekk skjelven av funnet dei hadde gjort.

Då dei kom seg til etter sjokkopplevinga, bestemte dei seg for å kontakte ein ekspert, Jahn Børe Jahnsen, konservator ved Valdresmusea.

- Eg var jo i hundre, og lurte på kva i all verda dette var for noko, fortel Jahnsen, er dette ekte og kvifor her?

Han markerte utskjeringa med raudt. Den viste ein tolvdelt sirkel, ein slange som beit seg sjølv i halen og ei mengd runeteikn.

Her låg det ei melding frå fortida og venta på notida!

Namnet som var for ungt til å vere sant

Teksten vart sendt til runeekspertar i Oslo og returnert, med nedslåande nyhende. Dei kunne fortelje at teksta var som fylgjer:

”Hans og Günter lot gjera denne stein til minne om Pia”

Pia var det ingen som heitte i vikingtida, steinen kunne maksimalt vere 100 år gamal.

Jan Holt og Anna Rust trudde dei hadde funne Valdres sin største runestein.

Jan Holt og Anna Rust måtte slå fast at runesteinen ikkje var frå vikingtida, men frå nittitalet.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

- Eg vart heilt matt, seier Anna, alt fall i grus.

Då har heldigvis Linda Eide nokre trøystande ord.

- Det er nettopp dette som gjer runesteinen til ein Norsk Attraksjon slår ho fast.

For bak steinen skjulte det seg ei langt meir oppsiktsvekkande historie enn at nokre vikingar hadde rissa inn runer for tusenvis av år sidan.

Driftige tyske turistar

Sakte, men sikkert vart saka rulla opp. Ti år tidlegare hadde to unge tyskarar tatt inn på ein campingplass i nærleiken. Dagane brukte dei i skogen med hammar og meisel.

Der fekk dei hamre i fred, heilt til ein dag då eit ektepar kom ruslande forbi ein sein kveldstime. Dei gav tyskarane beskjed om at det ikkje gjekk an å halde på slik på privat grunn.

Ikkje ein historisk sensasjon, men ein Norsk Attraksjon

No håper Linda Eide at dei som laga runene vil melde seg.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Günter og Hans heiv på seg ryggsekkane sine og forsvann i skogen. Sidan har ingen sett dei.

- Den dag i dag veit ingen kven desse tyskarane var, eller kvifor dei gjorde det dei gjorde, seier Linda Eide. No håper ho å få svar.

Kanskje er det frykta for represaliar som gjer at dei held seg skjult? Lokalbefolkinga garanterer at dei ikkje har noko å frykte.

- Det skulle vore moro å helse på dei gutane, seier Jan Holt, det dei har gjort er ikkje straffbart.

Ta kontakt viss du har tips om runemakarane

Finn fleire:

Attraksjonar på kartet