I dag er Lindøysenteret ein fylkeskommunal barnevernsinstitusjon som husar sju ungdommar frå elleve til sytten år. På Lindøy er det ingen bustadhus. Dei minste borna går på skule på institusjonen, dei største går på vidaregåande i Stavanger. Borna bur og lever på den vesle øya i inntil to år.
-Ein føler ikkje at ein har noko friheit. Du komme deg fillen ikkje av flekken viss du vil til byen og dei voksne her ikkje vil det, seier Kristian på 12 år.
Det skal litt til for å hamna på Lindøy. Borna og ungdommane som bur der har ulike problem, og livet er for komplisert til at dei kan leva heima. Alle har vore innom andre institusjonar og hjelpetiltak før dei blei sende til Lindøysenteret. Dei drøymer om å få flytta heim att, men inn til vidare må dei innordna seg og finna sin plass på institusjonen.
Men korleis opplever borna å bli sendt vekk heimefrå? Korleis er det å leva på ein barnevernsinstitusjon – saman med andre born med problem og mange grensesetjande vaksne?
Reporter Kari Hesthamar fekk i nokre veker fylgja dei tre minste gutane på Lindøy i deira kvardag. "Sendt til Lindøy" er eit program om å leva på barnevernsinstitusjon, sett med borna sine auger.
Kari Hesthamar er journalist og programskapar i dokumentarredaksjonen i NRK Kultur. Ho vann i fjor dokumentarklassen i den internasjonale radio- og tv konkurransen Prix Europa med programmet ”Til kommunen skil dykk åt”.
SENDT TIL LINDØY
Ein radiodokumentar Av Kari Hesthamar
Tekn. regi: Geir Hauger